Fylkesrådmannen vil stogge forfallet på fylkesvegane

Fylkesrådmann Tore Eriksen legg no fram framlegget til Regional transportplan 2014–23 til politisk handsaming. Han vil satse på drift og vedlikehald framfor nye store prosjekt og legg opp til å stogge forfallet på fylkesvegnettet.

Utgreiingar frå Statens vegvesen viser at forfallet på fylkesvegane i Sogn og Fjordane er kostnadsrekna til fire milliardar kroner.

– Vi har lenge hatt eit etterslep i vedlikehaldet på fylkesvegane. Dette har ført til eit stadig aukande forfall på infrastrukturen. No meiner eg vi bør prioritere drift og vedlikehald for å stogge forfallet. Vi bør også satse ekstra på vedlikehald av tunnelane våre, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Han legg difor fram eit framlegg som stoggar forfallet på fylkesvegane, og som er godt tilpassa dei politiske føringane for arbeidet med Regional transportplan.

Ingen store investeringsprosjekt før 2018

Framlegget til Regional transportplan legg opp til å sluttføre investeringsprosjekta som alt er starta opp, men fylkesrådmannen vil ikkje starte nye, store investeringsprosjekt i perioden 2014–17. Han rår likevel politikarane til å setje av ei investeringspakke på 270,8 mill. kr til mindre utbetringar av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar og rehabilitering av tunnelar.

Det tilrådde drifts- og vedlikehaldsbudsjettet i åra 2014–17 er på rundt 340 mill. kr i året.

I den siste planperioden 2018–23 har fylkesrådmannen igjen funne rom for å gjere nye investeringar på fylkesvegenettet. Han rår då politikarane til å løyve 150 mill. kr – 25 mill. i året – til Førdepakken.

Til fylkestinget i desember

Hovudutvalet for samferdsle skal handsame saka om Regional transportplan 26. november. Fylkesutvalet skal så ta stilling til saka 27. november, før fylkestinget gjer endeleg vedtak i desember.

Regional transportplan skildrar dagens situasjon og transportpolitiske utfordringar i Sogn og Fjordane. Planen gjer vidare greie for politikken og strategiane fylkeskommunen legg til grunn for utvikling av samferdsla i Sogn og Fjordane. I handlingsprogrammet vert det gjort greie for kva tiltak vi kan setje i verk innafor gjeldande økonomiske rammer for å drifte og utvikle transportsystemet i Sogn og Fjordane.

Politisk sak: Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014 – 2023 – Endeleg godkjenning

For meir informasjon

Velaug Veum
fylkesdirektør for samferdsle
tlf. 57 65 62 41
e-post: velaug.mo.veum@sfj.no

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf.: 415 30 932
e-post: tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no