dtstqngaqz
dtstqngaqz

Fylkesrådmannen tilrår å overføre SFE-aksjar til kommunane

Fylkestinget vedtok i desember 2016 at verdiane som fylkeskommunen eig i Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal bli verande i dagens fylke også etter samanslåinga med Hordaland. Å overføre aksjane til kommunane i Sogn og Fjordane er den beste måten å sikre dette på, konkluderer fylkesrådmannen.

Fylkesrådmannen har i dag sendt sitt saksframlegg til møtet i fylkesutvalet 3. desember. Fylkestinget skal ta stilling til saka på tingsetet i Fylkeshuset på Leikanger 4. og 5. desember.

3. desember kl 13 vil Lund & Co føredra saka for fylkestinget. Både føredraget og sakshandsaminga vil vere ope for presse og publikum.

Har greidd ut ulike alternativ

Fylkestinget vedtok i desember 2016 at fylkesrådmannen skulle «arbeide vidare med å sikre at dei verdiane som ligg i den fylkeskommunale eigarskapen i SFE-konsernet kan bli verande i Sogn og Fjordane.» Intensjonsplanen for samanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, som vart underteikna i januar 2017, gjev Sogn og Fjordane høve til å la dei særeigne formueverdiane sine «bli haldne utanfor regionetableringa i 2020».

Med bistand frå advokatfirmaet Lund & Co har fylkesrådmannen greidd ut ulike alternativ for å sikre at verdiane blir haldne i fylket. Fylkesrådmannen konkluderer med at det beste alternativet er å overføre aksjar til kommunane i Sogn og Fjordane.

Dette er same modell som er nytta i Nord-Trøndelag og i Buskerud. I begge desse fylkeskommunane har ein overført alle aksjane i dei fylkeskommunale kraftselskapa til kommunane i fylka før fylkessamanslåingane.

Ventar på rettskraftig dom

Sogn og Fjordane Holding (SFH), som er heileigd av fylkeskommunen, eig i dag 49,51 % av aksjane i SFE. BKK AS er den andre store eigaren med 36,80 prosent. Sogn og Fjordane tingrett avgjorde 12. oktober 2018 at Sogn og Fjordane fylkeskommune kan overføre inntil 80 % av sine aksjar i SFH til kommunane utan at dette utløyser forkjøpsrett for BKK. BKK har anka dommen.

Fylkesrådmannen tilrår at fylkestinget gir uttrykk for ein hensikt om å overføre inntil 80 % av fylkeskommunen sine aksjar i SF Holding til kommunane i Sogn og Fjordane, innanfor rammene av ein rettskraftig dom i søksmålet mot BKK. Føresetnaden for fylkestinget sitt seinare vedtak om overføring er at fylkeskommunen får medhald i søksmålet og at overføringa såleis ikkje utløyser forkjøpsrett.

Fylkesrådmannen legg opp til at fylkestinget seinare (2019) tek stilling til i kva grad aksjane i SF Holding skal overførast til kommunane og fordelinga mellom kommunane.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut