Fylkesrådmannen om dei økonomiske utsiktene til fylkeskommunen

Fylkesrådmann Tore Eriksen orienterte fylkespolitikarar og andre om dei økonomiske utsiktene til Sogn og Fjordane fylkeskommune under politikardagen 27. mai. Du finn heile innlegget til fylkesrådmannen her.

Fylkestinget får til vanleg ei orientering om dei økonomiske utsiktene våre etter at regjeringa har kome med sin kommuneproposisjon. Denne proposisjonen kom 7. mai i år og omhandlar altså året 2014. Fylkesordføraren har bedt meg seie nokre ord om proposisjonen og utsiktene våre på denne politikardagen.

Administrasjonen vil kome grundigare attende til dette i eit eige dokument til finansutvalet 26. juni i år. Dette dokumentet er no under førebuing.

Eg vel å gjere orienteringa enkel, og viser her til at dagens program er langt og krevjande.

Kommuneproposisjonen stadfestar at regjeringa utset innføringa av eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane til 2015. Økonomiplanen vår har lagt til grunn at det nye systemet vil kome i 2014 og vil redusere inntektene våre med 8 mill. kr dette året. Utsettinga inneber difor at vi kan auke inntektene våre med 8 mill. kr i 2014. Det er usikkert kva som skjer etter 2014.

Proposisjonen legg vidare opp til ein realvekst utover nivået i økonomiplanen. Vi kan her notere ei meirinntekt på 7 mill. kr. Denne auken bør vi og kunne vidareføre for åra etter 2014.

Men så kjem proposisjonen med ein stor minuspost. Ein ny vegnøkkel gjer at vi – frå og med 2014 – tapar 64 mill. kr årleg. Økonomiplanen vår har lagt til grunn ein årleg reduksjon på 116 mill. kr. Så vi har venta ein stor inntektsreduksjon. Men proposisjonen viser altså 180 mill. kr i minus. Vi har trudd at vi får ca. 6 prosent av ramma, så viser det seg at vi kjem ned på 4-talet. Dette er fordi staten let fordelinga av folketalet telje like mykje som lengda på fylkesvegnettet.

Vidare følgjer proposisjonen opp Nasjonal transportplan sin ambisjon om å gje fylka 500 mill. kr for å gjere noko med forfallet på fylkesvegnettet. Vi veit ikkje kor mykje vi får av dette. Det kjem først i statsbudsjettet til hausten. Det lågast tenkelege vil vere ned mot 20 mill. kr (4 prosent). Men vi burde, ut frå Vegvesenet sine eigne utrekningar av det fylkesfordelte forfallet, få 7,27 prosent. Det vil i så fall gje oss 36,4 mill.kr. Vi veit ikkje om det vi får kjem som øyremerka eller som frie midlar. Eg meiner vi uansett må bruke desse midlane på vegsektoren.

Eg viser her også til vedtaket fylkestinget gjorde i desember 2012 om akutte tunnelsikringstiltak. Slike tiltak vil, for vårt fylke, vere ein viktig del av arbeidet med å motverke forfallet på vegnettet. Fylkestinget har for 2013 løyvd 53 mill.kr. til slike tiltak. Og det er samtidig gjort vedtak om at det neste år skal løyvast 47,5 mill. kr. Dette siste beløpet er pr. dato ikkje finansiert.

Mi førebelse oppsummering er at blant dei pluss- og minuspostar eg så langt har nemnd, er flest minuspostar. Og at det meste av dette må kanaliserast mot fylkesvegane. Så på denne sektoren blir det utvilsamt stramt framover.

På opplæringssektoren har eg lite nytt å kom med. Eg oppfattar den pågåande planprosessen som veldig krevjande. Eg har her tilrådd strukturendringar som vil gje oss ei innsparing på i storleiksorden 70 mill. kr pr. år. Og det må etter mitt syn vere nok. Det vil på den andre side vere heilt nødvendig med så tunge tiltak. Opplæringssektoren vil – etter dei tilrådde endringane – framleis bruke 140.000 kr. pr. elev eller lærling. Og vi vil framleis ha eit høgt utgiftsnivå samanlikna med andre fylke.

Det er viktig å merke seg at samferdsla, inkl. fylkesveg, nyttar nær 45 prosent av fylkeskommunen sine frie disponible midlar. Opplæring nyttar for sin del nær 35 prosent. I sum vert dette nær 80 prosent. Det vil difor vere umogleg å skjerme desse sektorane dersom vi må redusere aktiviteten vår.

I fylkeskommunen har vi til vanleg stort fokus på det vi kallar lokale inntekter. Dei viktigaste av desse er vinst på konsesjonskrafta og aksjeutbytte frå store selskap.

Når det gjeld konsesjonskrafta, verkar 2013 så langt relativt greitt. Men for åra frå 2014-16 ser det pr. dato ut som om vi vil få ein årleg svikt stigande frå 4 til opp mot 16 mill. kr.

Frå SFE AS får vi truleg ein svikt på vel 3 mill. kr i år. Denne er tatt inn i budsjettet pr. 1.tertial 2013, som no er til politisk handsaming. For seinare år, og særleg for 2014 då det er kalkulert med eit større utbytte, er uvissa større.

Frå Fjord1 AS, eller F1 Holding AS om ein vil, veit vi at vi får ein svikt på 13 mill. kr neste år. For åra deretter er situasjonen usikker.

For dei lokale inntektene kan vi altså kome i ein situasjon der vi greier oss bra i år, samtidig som det flokar seg meir til frå 2014. Systemet er no slik at vi nyttar 100 mill. kr av desse inntektene i den årlege drifta. Overskytande vert avsett på fond og nytta til eingongstiltak påfølgjande år. I første omgang kan det bli lite midlar att til slike eingongstiltak. På sikt må vi kanskje også vurdere om vi kan nytte så mykje som 100 mill. kr til rein drift.

Det vi elles ser av lyspunkt dreier seg om heller små beløp. På kapitalutgiftssida kjem vi noko betre ut enn føresett. Det same gjeld for lønsoppgjera, straum og forsikringar. På nokre av desse områda må vi kunne vone på innsparingar også etter 2013. På andre område vil det kunne gå hin vegen. Vi er no mest urolege for fylkesvegferjedrifta. Her har vi starta arbeidet med ein ny anbodsprosess. Det går ei eiga sak om dette til fylkestinget no i juni.

Konklusjonen er at det ligg store utfordringar i både kommuneproposisjonen, inklusive fylkesvegsida og tilhøyrande tunnelvedlikehald, skulebruksplanen og dei lokale inntektene. Vi må difor rekne med at det kan bli vanskelegare å balansere fylkeskommunen sitt budsjett – alt frå 2014.

Tore Eriksen
fylkesrådmann

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut