Fylkesrådmannen legg fram årsrapporten for 2012

– Vi opplever for tida ei kraftig regionalisering innan justis- og beredskapsfeltet. Dette gjeld naudnett, alarmsentralar og politidistrikt. Endringane verkar ikkje godt forankra i nasjonale politiske vedtak. For få år sidan opplevde vi tilsvarande for spesialisthelsetenesta og vegforvaltinga. Den gongen var det ei tydeleg nasjonal hand på rattet. Slik er det ikkje no. Justis- og beredskapsdepartementet tek i staden rolla som klageinstans, skriv Eriksen.

Han etterlyser ein debatt om kva samfunnsområde som skal vere underlagt direkte politisk styring, og kva fagfolk kan ta seg av. Dette for å ikkje kome i ein situasjon der folkevalde på alle nivå beklagar mangel på politisk styring.

– For kvar sit då eigentleg makta? spør Eriksen.

Godt økonomisk resultat

2012 var for Sogn og Fjordane fylkeskommune sin del prega av viktige planprosessar, store vegsaker og eit godt økonomisk resultat. Og det var året då Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk prisen Årets nynorskkommune.

Det førebelse rekneskapen viser eit driftsoverskot på 50,5 mill. kr for fylkeskommunen i 2012. Dette skuldast god skatteinngang i kommunesektoren, innsparingar og meirinntekter på finansielle postar og innsparingar på sektornivå.

– Dette indikerer god og forsiktig budsjettering, samtidig som det gjev signal om at mange av dei positive avvika nødvendigvis ikkje vil kome att seinare år, slår fylkesrådmannen fast.

Fylkesperspektivet viktig

2012 var året då fylkestinget i Sogn og Fjordane sette seg eit mål om at vi skal vere 112 000 som bur i fylket i 2016. Dette er ein del av den nye regionale planstrategien. Andre store og viktige planprosessar i 2012 var skulebruksplanen og regional transportplan 2014–2023.

– Begge vil utan tvil utfordre økonomien vår. Når vi også veit at regjeringa arbeider med eit nytt inntektssystem, som høgst sannsynleg vil gå i vår disfavør, kan dette bli krevjande. Eg trur det er viktig å halde fylkesperspektivet og samtidig sjå skikkeleg framover i alle slike prosessar, skriv fylkesrådmann Tore Eriksen.

Årsrapport 2012

Les Årsrapport 2012 i issuu-format (må lesast i anna nettlesar enn Internet Explorer, t.d. Google Chrome eller Firefox)

For meir informasjon

Tore Eriksen
tlf. 415 30 932
e-post: tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut