Fylkesrådet for funksjonshemma - konferanse 1. og 2. oktober 2009

Fylkesrådet for funksjonshemma vil orientere om at det vert arrangert konferanse 1. og 2. oktober på Skei. Det vert sendt ut invitasjon til konferansen i slutten av august 09.

Tema på konferansen sin første dag:

Diskriminerings og tilgjengelegheitslova og den nye Plan og bygningslova.

Direktør for Deltasenteret Torill Bergerud Buene vil førelese om diskriminerings og tilgjengelegheitslova og rådgjevar på regionalavdeling i fylkeskommunen Geir Lyngaas vil førelese om den nye plan og bygningslova.

Det vert lagt opp god tid til spørsmål og diskusjon.

Konferansen sin andre dag:

Nasjonal Transportplan og tilgjengeleg transportordningar i fylket.

Statssekretær Erik Lahnstein frå Samferdsledepartementet vil orientere oss om Nasjonal Transportplan. Det vil også bli orientert om kva tilbod på transportsida fylket vårt har utvikla og kva tilbod som skal vidareførast til å omfatte fleire kommunar.

Konferansen er gratis, mens deltakarane dekker opphald og reiseutgifter

Del dette:

Relaterte lenker