Fylkesrådet for eldre inviterer til seniorkonferanse 14. november

Joanna Galek ved Høgskulen i Sogn og Fjordane tek føre seg temaet ernæring på seniorkonferansen. Ho arbeider med prosjektet «Ernæring, forsking og studentaktive læringsformer». Målet med prosjektet er blant anna å auke merksemda om ernæring i primær- og spesialisthelseteneste gjennom å kartleggje ernæringssituasjonen hjå eldre over 75 år.

Konferansen er open for alle interesserte, men målgruppa er først og fremst kommunale eldreråd, kommunale skule- og kulturutval, lokallaga til Pensjonistforbundet og lokale pensjonistlag.

Kulturminne, god alderdom og serviceskyss

Er eldre den viktigaste ressursen i arbeidet med kulturminneregistrering? Det er restaureringsleiar Stig Nordrumshaugen i fylkeskommunen som stiller spørsmålet som innleiing til føredraget sitt. Fylkeskommunen arbeider saman med kommunane med å lage lokale kulturminneplanar for kommunane i fylket. I dette arbeidet sit dei eldre gjerne på mykje og god kunnskap, og dei er difor svært viktige i dette arbeidet.

Tor-Kristian Rønneberg i Pensjonistforbundet deltek også på konferansen. Han stiller spørsmålet «Kva er god alderdom?». Engasjement, verdiar i alderdomen og gode råd for god helse er stikkord for kåseriet hans.

I tillegg til tema ernæring, kulturminne og god alderdom, står serviceskyssen, ved Magne Vivelid i Gaular Frivilligsentral, på programmet på seniorkonferansen.

Deltakarane på konferansen får også eit innblikk i prosjektet «Lesevenner» i Vest-Agder.

Program og påmelding

Prisen for å delta på konferansen er 455 kr, og påmeldingsfristen er 7. november 2013.

Invitasjon, program og påmeldingsskjema for seniorkonferansen.

For meir informasjon

Arvid Stenehjem
sekretær for fylkesrådet for eldre
e-post: arvid.stenehjem@sfj.no
tlf.: 57 65 61 61

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut