Fylkesordføraren til Lofoten for å lære om rassikring

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes var sist veke i Lofoten saman med resten av Nasjonal rassikringsgruppe. Målet var å lære meir om utfordringar med og løysingar for rassikring.

– Vi reiste til Lofoten for å sjå på kva utfordringar som finst på vegnettet der, og for å sjå på dei sikringsløysingane som er valde der, seier Kjelsnes, som er leiar for rassikringsgruppa.

Gruppa er sett saman av politiske representantar for dei mest rasutsette fylka i Noreg. I Lofoten besøkte gruppa blant anna tettstadane Å og Henningsvær og rassikringsanlegget på E10.

– Den nasjonale rassikringsgruppa sit naturlegvis på mykje kompetanse på området, i og med at vi kjem frå dei mest rasutsette fylka. Likevel treng vi å halde oss oppdaterte på både utfordringar og løysingar som finst rundt om i landet. Difor tok vi no denne studieturen til Lofoten, fortel Kjelsnes.

Meir om Nasjonal rassikringsgruppe.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut