Fylkesordføraren takkar for innsatsen etter herjingane til stormen Dagmar

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes er imponert over den store innsatsen som alle etatar, instansar og enkeltpersonar har utført etter Dagmar sine omfattande skadar i fylket.

– Vi har denne julehelga opplevd noko av dei mest omfattande naturskadane Sogn og Fjordane nokon gong har vore utsett for. Straumnettet, telefonsambanda og vegane er alvorleg og langvarig skadde. Det er gjort omfattande skadar både på privat og offentleg eigedom i alle delar av fylket. I denne situasjonen er det gledeleg å sjå kor raskt og effektivt alle instansar og aktørar har stilt opp og utført eit imponerande hjelpe- og beredskapsarbeid, seier Kjelsnes.

Stabile kraft- og teletenester er grunnleggande og viktige i vårt moderne samfunn. Vi vert fort sårbare utan slike tenester. Då er det godt å registrere at alle krefter mobiliserer for å rette på skadane og redusere skadeverknadene så mykje som mogeleg, slår fylkesordføraren fast.

– Eg sender ein takk til alle som har ytt ein innsats i den vanskeleg situasjonen. Neste oppgåve vert å skaffe oss oversyn over skadane. Då har vi grunnlag for å finne ut korleis vi kan rette opp desse og bringe samfunnet tilbake i normalt gjenge, seier Kjelsnes.

For meir informasjon, ta kontakt med
Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker