Fylkesordføraren profilerer Sogn og Fjordane som oljefylke på ONS

Sogn og Fjordane har ein felles stand på oljemessa ONS i Stavanger denne veka. 18 verksemder knytte til olje- og gassindustrien skal vise seg fram, knyte kontaktar og planleggje framtida. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes deltek på messa heile veka og opna standen i dag.

ONS ventar rundt 50 000 gjester denne veka, og dette er ein unik sjanse for verksemdene frå Sogn og Fjordane til å profilere seg.

– Dette er ein viktig møteplass, og vi vonar at de som er med vil hauste frukter av innsatsen. Lukke til med sal og nettverksbygging i dagane som kjem, sa fylkesordføraren då ho opna standen.

Politisk satsing på olje og gass

Sogn og Fjordane fylkeskommune organiserer og koordinerer den felles fylkesstanden i år som tidlegare år. Fylket har delteke på ONS sidan 2004 og disponerer i år til saman 210 kvadratmeter av messeområdet.

Ein stor del av den norske olje- og gassproduksjonen går føre seg på sokkelen utanfor Sogn og Fjordane. Fylkesordføraren la i opningshelsinga si vekt på at dette er ei viktig næring for fylket.

– Petroleum har ein sentral plass på den politiske saklista i fylket. Vi vonar at vi med det politiske arbeidet kan bidra positivt til utvikling og vekst i fylket innan olje- og gassektoren, sa ho.

Hektisk møteverksemd for fylkesordføraren

Fylkesordføraren deltek på ONS heile veka og har travle dagar med møte med sentrale aktørar i olje- og gassnæringa. Føremålet er å marknadsføre fylket som ein god stad å etablere seg og drive olje- og gassaktivitet. Fylkeskommunen ønskjer både å utvide aktiviteten for selskapa som alt er i fylket og å få nye selskap til å etablere seg der.

Kjelsnes har med seg leiar for hovudutvalet for plan og næring, Hilmar Høl, andre politikarar og representantar frå administrasjonen i fylkeskommunen til ONS.

Må kompensere for manglande storleik

Fylkesordføraren understreka vidare at den viktigaste jobben er det likevel ikkje politikarane, men næringslivet som gjer.

– Storskala er ikkje det Sogn og Fjordanen er mest kjent for. I ei næring som ofte tenkjer i store strukturar, er det viktig å prøve å kompensere for manglande storleik ved å vere dyktige på å byggje gode alliansar og samarbeidsløysingar, slo ho fast.

Dei 18 verksemdene som deltek på Sogn og Fjordane-standen er Fjord Base AS, Hellenes AS, INC Engineering AS, INC Gruppen, Lutelandet Utvikling AS, NBN Elektro AS, NCP Norsk Contracting Partner, Norwegian Marine AS, Safeclean AS, Saga Fjordbase AS, Saga Fjordbase AS, Saga Fjordbase AS, Strukturplast AS, Stryvo AS, STX Norway Florø AS, Vestnes Ocean AS, Wergeland Holding AS og WIS Gruppen.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00