Foto: Blak-ah, Wikipedia
Foto: Blak-ah, Wikipedia

Hoven Skylift i Loen er den nye store turistattraksjonen i Sogn og Fjordane og toppar topp ti-lista. (Foto: Blak-ah, Wikipedia)

Fylkesordføraren presenterte topp ti-liste

Fylkesordførar Jenny Følling heldt i dag sin halvårlege tale til fylkestinget. Ho tok opp aktuelle tema  for fylket og presenterte ei topp ti-liste over positive satsingar i fylket.

– Sogn og Fjordane er i Noregstoppen på ei rekkje område. Eg vil nytte talen min til å løfte fram mange av dei positive og fantastiske satsingane som skjer i fylket vårt – og har laga meg ei topp ti-liste, sa fylkesordføraren då ho talte til fylkestinget.

Som seg hør og bør, når fylkestinget trass alt er samla på Hotel Alexandra i Loen og kort tid etter opninga av attraksjonen, så toppar Loen Skylift lista.

– Dette vil opne fjellheimen for heilt nye grupper, og vil skape ringverknadar langt utanfor Loen og Stryn kommune. Alt no ser vi at turistar står i kø, og at prosjektet har fått stor merksemd, sa Følling.

Elevar, lærlingar og folketal

På plass nummer to har fylkesordføraren plassert nyhenda om at Sogn og Fjordane er det fylket der flest gjennomfører vidaregåande opplæring. Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå syner at elevane i Sogn og Fjordane toppar listene for gjennomføring i både studiespesialiserande og i yrkesfag. Det er ei fjør i hatten for både elevar, lærlingar og alle som jobbar med opplæring i fylket, frå barnehage til vidaregåande opplæring.

Tredjeplassen på lista til fylkesordføraren går rett og slett til folketalet. Sogn og Fjordane har no ein sterkare vekst i folketalet enn mange andre fylke, og for første gong bur det no over 110 000 menneske her i fylket.

Variert liste

Resten av «skrytelista» til fylkesordføraren er prega av alt frå kunst og tippemidlar til turisme, datalagring og havbruk:

  1. Tippemidlar. Tildelinga til fylket har auka frå 23 millionar i 2011  til 53 millionar i 2017. Til saman får 107 anlegg midlar i år, mot 47 i 2013.
  1. Lefdal Mine Datasenter. Det er investert 250 millionar i dei nedlagde gruvene, som opna 10. mai. Det er det største datasenteret i Noreg og representerer nye, grøne og framtidsretta tenester.
  1. Nekst. Har fått med seg investorar til den største satsinga på eit havbruksprosjekt nokon gong. Det vert investert 2,7 milliardar i eit landanlegg og eit oppdrettsanlegg i open sjø.
     
  2. Tour des Fjords. Sykkelløpet rulla gjennom fylket 24. mai. 120 internasjonale proffsyklistar sykla frå Balestrand gjennom Gaular og Jølster til Førde og laga folkefest i direktesendt TV til 50 nasjonar.
     
  3. Flåmsbana. Frakta i 2016 over 926 000 passasjerar, ein auke på heile 145 000 gjester på berre eitt år. Satsinga i Flåm viser at vi kan utvikle reisemål av internasjonalt format.
  1. Kongevegen. Fekk EU-kommisjonen sin kulturminnepris våren 2017. Prisen er rekna som ein av dei mest høgthengande i Europa, og det er vanskeleg å førestille seg verdien av ei slik utmerking.
  1. Nikolai Astrup. Kunsten til Astrup har for alvor teke steget ut i verda. Utstillingane i Europa i 2016 blir følgde opp av utstillingar i USA.

– Denne lista kunne ha vore mykje, mykje lenger, understreka Følling.

Regionreforma

Fylkesordføraren var innom eit vidt spekter av tema i talen sin. Regionreforma har vore ei stor sak for fylkeskommunen det siste halvanna året, og Følling tok føre seg arbeidet så langt, og korleis ho ser føre seg vegen vidare. Ho er særleg oppteken av ekspertutvalet som regjeringa no skal setje ned for å jobbe med oppgåvefordeling.

– Ekspertutvalet må få eit ope og fritt mandat og må føreslå nye oppgåver som Stortinget kan overføre til regionalt folkevald nivå. Dei må få moglegheit til å vurdere nye alternativ og tenkje nytt, og fylkeskommunane må vere representerte i ekspertutvalet, sa Følling.

Blant andre tema var fylkesordføraren blant anna innom kommunereforma, landbruksoppgjeret, Nasjonal transportplan og beredskap.

Les heile talen til fylkesordføraren her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568