Fylkesordføraren opprørt over politianalysen og tilrådingane til politidirektøren

Politianalysen og tilrådingane til politidirektøren er eit usikkert og irreversibelt eksperiment som gamblar med tryggleik og tillit, skriv fylkesordførar Åshild Kjelsnes i eit debattinnlegg 11. oktober 2013.

Politianalysen kom som ein av dei politiske reaksjonane etter 22. juli-terroren. 22. juli-kommisjonen peikte i sin rapport på at dei viktigaste lærdommane ikkje først og fremst handlar om organisering, lovgjeving og ressursar, men om kultur og leiing. Det er trist å registrere at politianalysen altfor lett hoppar over openheit og demokrati som sentrale verdiar i det norske samfunnet. Eit nært politi med sivilt preg er ein av hjørnesteinane i dette byggverket.

Det ser likevel ut som om politianalyseutvalet langt på veg har kome til det motsette resultatet. Utvalet konkluderer mellom anna med at «politiet sin evne til å levere gode polititenester og drive effektiv kriminalitetsbekjempelse i framtida avhenger i betydeleg grad av politiets struktur og organisering». Vidare hevdar utvalet at «dagens lokale struktur ikkje gir et effektivt lokalpoliti eller gode nok publikumstenester lokalt». Og «Den lokale strukturen er i mange tilfelle et hinder for politiets mulighet til å drive effektiv forebygging, sikre lov og orden og tilby en god polititeneste lokalt».

Det er ikkje grunnlag for slike konklusjonar. Tvert om. Eit blikk på statistikk over oppklaringsprosent og tid på å behandle straffesaker og prioriterte valdssaker, samt bruk av administrative ressursar, viser det motsette.

Redaktør Øyulf Hjertenes skriv i BT at desentralisert makt og høg tillit mellom folket og staten er mellom dei finaste og mest verdfulle trekka ved det norske samfunnet. Det gjer samfunnet vårt tryggare, meir tolerant og meir demokratisk. Eg er samd med Hjertenes i at politianalysen er eit angrep på denne norske modellen. Tilrådingane i analysen er historielause, korttenkte og i verste fall skadelege for det norske samfunnet.

Det er mange som peiker på det opplagte faktum at større geografiske avstandar vil skape større avstandar mellom folk og politi. Riksadvokat Busch seier det så tydleg som at «det er innlysende at de store geografiske avstander innen enkelte anbefalte nye politidistrikter i regionsmodellen vil vere problematiske». Og han stoppar ikkje der. Riksadvokaten karakteriserer politianalysen som eit usikkert og irreversibelt eksperiment. Slik går han klårt inn i rekka av sterke kritikarar av analysen.

Det er etter mitt syn opplagt at ei organisering etter regionsmodellen vil gjere det nødvendig å bygge opp eit administrativt og operativt styringsnivå på nivået mellom politidistrikta og politistasjonane/lensmannskontora. Dette vil krevje ressursar som fort vil ete opp det som, ifølge politidirektør Humlegård, skulle bli «rullande, operative patruljer, som var tilstade når ein trengte dei og når ein ikkje gjorde det».

Forskar Paul Larsson ved Politihøgskulen summerer opp sitt syn slik: «Sentraliseringen vil uungåelig føre til en svekket lokalkunnskap og et aksjonspoliti som rykker ut etter at kriminaliteten har funnet sted. Kontakten med distriktene vil bli mindre, og dette kan påvirke både etterforsking og forebygging negativt. I verste fall vil politiet bli relativt blinde for kva som skjer rundt om i landet».

Eg vil på det sterkaste åtvare mot at innbyggjarane, både i Sogn og Fjordane og i resten av landet, ut frå ei lettvint analyse, vert kasta ut i eit usikkert og irreversibelt eksperiment. Ingen er tent med at vi set kvardagstryggleiken vår på spel.

Riksadvokaten hevdar at løysingar vert tilrådde utan at eit einaste argument vert vega for og mot. Ansvarlege politiske organ kan ikkje godta eit dokument med slike manglar. Derfor forventar eg at dei kritiske synspunkta som er framkomne vert vektlagde tungt når politisk avgjerd skal takast. Eg forventar også at ein tek seg tid til å sjå viktige tryggleikstenester i samanheng til folk sitt beste, før nye strukturar vert lagde. Noko anna vil etter mitt syn vere uforsvarleg.

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut