Foto av fylkesordførar Jenny Følling som opnar miljøseminaret i Florø i februar 2018.
Foto av fylkesordførar Jenny Følling som opnar miljøseminaret i Florø i februar 2018.

Fylkesordføraren opna årets miljøseminar

Fylkesordførar Jenny Følling opna miljøseminaret i Florø 7. februar. Som oppvaksen i Gaular ved lakseelva Gaula, var ho opptatt av at vekst i oppdrettsnæringa skal skje side om side med dei flotte av lakseelvane våre.

Fylkesordføraren la vekt på at fylkeskommunen vil vere ein viktig utviklingsaktør for oppdrettsnæringa i det grøne skiftet. Ho trekte også fram vestlandsrådsprosjektet om opprydding og hindre forsøpling av plast til det marine miljø.

Miljøseminaret i Florø har vorte ei årleg samling for næring, forvaltning og forsking. Seminaret strekker seg over to halve dagar. Den første dagen får dei over 100 deltakarane informasjon om siste nytt frå Nærings- og fiskeridepartementet, tilstanden for vill laksefisk, miljøovervaking og beredskap mot rømming i oppdrett og ei påminning om vårt felles ansvar for havmiljøet og for opprydding av forsøpling.

Dag to er temaet «sirkulærøkonomi». Det vert informasjon om mikroalgar og andre nye ingrediensar i framtidas fôrproduksjon til oppdrettsfisk, og om korleis avfallet frå oppdrett kan nyttast til produksjon av anna proteinproduksjon. Forvaltninga får også taletid og vil seie litt om søknadshandsaming, oppfølging og teknisk.

Fullstendig program for miljøseminaret finn du her.

Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer seminaret i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fiskeridirektoratet region Vest og Sjømat Norge.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00