Fylkesordføraren om bruk av sosiale media i fylkeskommunen

Fylkestingseta i jubileumsbyen Florø vart avslutta onsdag 9. juni med eit spørsmål frå representanten Karianne Torvanger (Ap) om bruk av sosiale media i fylkeskommunen. Fylkesordførar Nils R. Sandal brukte romsleg med tid på å gje eit fyldig svar.

Torvanger tok til orde for at fylkeskommunen i større grad må orientere seg mot å ta informasjonskanalar som Facebook, Twitter, Origo, Blogg og Flickr i bruk. Fylkesordførar Nils R. Sandal slo i sitt svar fast at utvida bruk av sosiale media er spanande, men det krev både tid og omtanke når dei skal følgjast opp.

Det er fleire sosiale media. Facebook er eit sosialt nettverk der ein kommuniserer i skrift og bilete i lukka og opne fora innanfor ei ramme på 140 skriftteikn. Twitter er eit nettsamfunn der du kommuniserer via korte statusmeldingar, kjappe kommentarar og legg ut lenker til interessante artiklar til dømes. Origo er eit sosialt nettsamfunn som aviser nyttar seg mykje av med diskusjonsforum under nyhendesakene sine.

Blogg er eit talerøyr som fungerer som lesarinnlegg på nettet, ofte ope for kommentar og debatt. Flickr er ei teneste der du kan utveksle bilete på nett, etter kvart nytta mellom anna til å sende ut pressebilete. Fylkesordføraren la vekt på at det krev ein gjennomtenkt strategi og medvitne haldningar for å kunne nytte desse sosiale media på ein god måte. Det er fylkeskommunen i gang med å meisle ut.

Han ser det som særskilt interessant at desse media er med og minkar avstanden og aukar kontakten mellom sendar og mottakar. På den andre sida må fylkeskommunen ikkje gløyme at vi har eit stort tal brukarar som ikkje er på nett.

– Ei god tid framover må vi såleis nytte andre kanalar i tillegg til nett for å formidle informasjon, la han til.

Nye oppgåver, nye prioriteringar

Fylkesordføraren sa seg også glad for at Kommunenes Sentralforbund nyleg kåra Sogn og Fjordane fylkeskommunen til den beste fylkeskommunen i landet på digitale tenester. Han nemnde samarbeidsprosjektet ”Kunnskap kryssar grenser” der Twitter blir brukt, og fylkeskommunen er ein av deltakarane. I tillegg har det fylkeskommunale fylkesarkivet teke Flickr i bruk. Presentasjonen av næringsbarometeret i vår vart kringkasta på nett tilliks med kommunekonferansen i Loen, og alt for fem år sidan kringkasta fylkeskommunen fleire fylkesting for å prøve ut nye media.

– Målsettinga må vere at vi med minst mogleg ekstra skrivearbeid når ut til fleire ulike personar, sa fylkesordføraren.

Han la til at den som opptrer på vegner av fylkeskommunen må målbere fylkeskommunen sine standpunkt i saker som er politisk avklåra, og at det då er avgjerande å kunne skilje mellom personleg meining og sakleg informasjon. Krav til personvern, dokumentasjon og etterprøving blir fort utfordra. Det krev medvitne vegval når det gjeld kva media som skal brukast og korleis til ei kvar tid. Til slutt slo fylkesordføraren eit lite slag for den direkte og menneskeleg kontakt som på mange måtar har blitt hans varemerke, ved å vere til stades personleg og møte folk der dei er og der tinga skjer.

Del dette:

Relaterte lenker