Fylkesordføraren nøgd med statsbudsjettet

Fylkesordførar Nils R. Sandal meiner framlegget til statsbudsjett er eit viktig verkemiddel for vidare utvikling av Sogn og Fjordane.

Fylkesordføraren er på vegne av Sogn og Fjordane nøgd med framlegget regjeringa legg fram i dag. Han trekkjer blant anna fram veg og samferdsle som eit viktig satsingsområde for fylket.

Vegbygging

– Dette er ei viktig satsing på vidare vegbygging i Sogn og Fjordane, med Kvivsvegen og Torvund-Teigen på E39 som dei store prosjekta. To andre viktige prosjekt på E39 er oppstart av anlegget Lavik ferjekai og vidareføring av prosjektet Anda ferjekai, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

Han er også glad for dei 80 millionar kronene som regjeringa føreslår å løyve til oppstart på E16 Smedalsosen-Maristova-Borlaug, og dei 114 millionane til strakstiltak i Strynefjells-tunnelane på riksveg 15.

– Eg er elles nøgd med at det er gjort framlegg om ei sterk satsing på vedlikehald av riksvegar, der det er føreslege ein auke på 60 prosent frå 2010 til 2011.

Ressursar til vidare utvikling

Innanfor områda kultur og utdanning, er fylkesordføraren godt nøgd med løyvingar til ei rekkje viktige tiltak i fylket. Regjeringa vil opprette 15 nye studieplassar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og vidarefører arbeidet med bygging av nytt sentralbygg på Fosshaugane Campus i Sogndal.

– Når ein i tillegg registrerer at budsjettet har ei solid satsing på barnevern og helse-, eldre- og sosialomsorg, så stiller framlegget til rådvelde viktige ressursar til vidare utvikling av fylket, slår Sandal fast.

Fylkeskommunal drift

Når det gjeld drift av fylkeskommunen, ser det så langt ut som rammene for dette ligg på det nivået ein så langt har lagt til grunn i arbeidet med fylkeskommunen sitt budsjett for 2011.

Fylkesordføraren registrer elles at framlegget gjev ulike utfordringar på kommunane sin økonomi, og vonar at regjeringa kan sjå på dette i det vidare arbeidet med budsjettet.

Nærare informasjon ved:

Fylkesordførar Nils R. Sandal
Mobil: 915 52 219

Del dette:

Relaterte lenker