Fylkesordføraren møtte stortingspresidenten og fronta framtids- og verdiskapingsfylket

Stortingpresident Dag Terje Andersen var på besøk i Sogn og Fjordane fredag 13. april. Han møtte mellom andre fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som presenterte fylket som framtidsfylket og verdiskapingsfylket.

– Vi har brukt noko tid på å arbeide med innhaldet i det vi har kalla for Framtidsfylket. Bakgrunnen er at vi er samde om ein strategi som skal leggje til rette for at ungdom skal trivast her. Vi har eit fråflyttingsproblem, og det ønskjer vi å gjere noko med, sa Kjelsnes.

«Look to Sogn og Fjordane»

Ho slo vidare fast at den sterke satsinga på ungdom og utdanning blant anna har resultert i at «Look to Sogn og Fjordane» er blitt eit uttrykk.

– Vi har det beste skuleresultatet i landet både i grunnskule og vidaregåande skule. Vi er gode på ungt entreprenørskap – «Look to Sogn og Fjordane» er eit uttrykk vi møter elles i landet. Vi er dyktige på kontakt med eigen ungdom under utdanning gjennom prosjektet Framtidsfylket. Eg har sjølv vore med og opplevd dette i Bergen, fortalde fylkesordføraren.

Petroleumsaktivitet ei utfordring

Stortingspresident Dag Terje Andersen var i Sogn og Fjordane for å høyre kva problemstillingar som er viktige for fylket. Han møtte i tillegg til fylkesordføraren fleire ordførarar, stortingsbenken, representantar for KS, høgskulen, NHO, LO og Innovasjon Noreg.

Det andre stikkordet fylkesordførar Åshild Kjelsnes trekte fram for å beskrive Sogn og Fjordane, var verdiskapingsfylket. Ho slo fast at samla verdiskaping i Sogn og Fjordane i 2009 var 16,5 milliardar kroner eller 3,1 prosent av landet.

– Og det skaper vi med 2,1 prosent av folketalet i landet. Sogn og Fjordane er eit råvareproduserande fylke. Vi har store ressursar på vår del av sokkelen, men forholdsvis lite petroleumsretta aktivitet. Dette er ein av dei mange løpande utfordringane våre, slo Kjelsnes fast.

Oppmoda om å få Gulatinget med i grunnlovsjubileet

Ho tok også opp grunnlovsjubileet i 2014 som eit tema i møtet med stortingspresidenten. Fylkesordføraren la vekt på at Gulatinget og tingsamlingane i mellomalderen var starten på historia om grunnlova.

– Eg håpar difor at jubileumsprogrammet også kan ha med ei markering av den eldre demokrati- og rettshistoria vår – med Gulatinget som eit godt utgangspunkt, sa ho.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker