Fylkesordføraren med minneord under minnekonserten for 22. juli i Stryn

Hanne Kristine Fridtun frå Stryn omkom i tragedien på Utøya 22. juli i fjor. Laurdag 11. august vart det fleire minnemarkeringar i Stryn. Det vart avduka eit minnesmerke i Betaniaparken, og det var minnekonsert i Stryn kulturhus. Der deltok blant andre fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Statsråd, kjære Eva, Kolbein og David, gode forsamling.

Som fylkesordførar vil eg tillate meg å starte litt personleg ved slutten av denne vakre og vare minnekonserten.

Eg er veldig takknemleg for at eg fekk lov å bli kjend med Hanne Kristine. Eg følte vi var på nett og treivst ilag. Eg har gode minne med latter og smil, gode minne frå flotte diskusjonar og ikkje minst frå dei kjekke dagane under Arbeiderpartiet sitt landsmøte. Eg vart verkeleg imponert av hennar oppriktige engasjement og vinnande vesen. Gjennom den uverkelege valkampen etter terroråtaket vart Hanne Kristine mi inspirasjonskjelde.

Eg ynskte å heidre hennar minne med å gjere ein god jobb for det ho trudde på, for det vi trur på. No heng eit bilde av oss to på kontoret mitt på Fylkeshuset, og det gjer meg godt å kunne kaste blikket på det både titt og ofte. Hanne Kristine vil alltid ha ein spesiell plass i hjertet mitt.

Vel eitt år er gått sidan ugjerninga, eitt år, ein uendelegheit av sakn, smerte, sinne og sorg – og likevel berre ein spe start på ein lang veg mot lysare dagar. Ingen av oss kan setje oss inn i dei påkjenningar de næraste har hatt og fortsatt må gå igjennom.

Likevel vil eg de skal vite at folk rundt om i fylket tenkjer mykje på dykk, vi er der for dykk, og vi bryr oss om dykk. Heile fylket har engasjert seg. Det har vi sett gjennom kondolansar, minnemarkeringar, avisinnlegg, tilstrøyming til frivillige lag og organisasjonar, til ungdomsparti og på mange andre måtar, og folk i Sogn og Fjordane kjem framleis til å engasjere seg.

Eg høyrer ofte folk seier at vi må hugse å ha blikk og omtanke for dei som har det tungt. Sorga har ulike uttrykk, og eg høyrer ofte folk seier at vi må ikkje gløyme at det er mange som er berørt. Folk har omsut for dei som vi var så heldige å få heim igjen også.

Vi er eit lite fylke i folketal, men vi er eit fylke med stort hjerterom og mykje varme. Det er ikkje alltid så lett å uttrykke seg, og mange er redde for å gjere noko som kan forsterke sorga, men heile fylket bryr seg. Saman ynskjer vi å støtte opp om det å klare å sjå framover. Og vi skal sjå framover. Eg er overtydd om at alle dei som er borte ynskjer det.

Midt i alt det vonde er eg glad for at vi har fått eit verdig minnesmerke for alle offera, for vår Hanne Kristine her i Stryn. Det bli ståande saman med minnesmerke rundt om i heile landet for å heidre engasjerte, livsglade og flotte ungdommar og menneske. Dei vil bli betrakta med ettertanke og ærefrykt i framtida, og eg trur dei vil inspirere mange til engasjement for demokratiet.

For demokratiet sine verdiar vart ikkje knekt i terroren. Det Hanne Kristine og alle dei andre ungdommane trudde på er blitt forsterka. Innbyggjarane i Sogn og Fjordane er glade for at mange unge engasjerer seg og tar opp viktige spørsmål, i ungdomslag, i ungdomsråd, i ungdommens fylkesting, i elevorganisasjonane, i kommunestyrer osb. Det gjer demokratiet vårt levande, og det gjer at minnet om dei engasjerte ungdommane som brutalt blei meia ned, ikkje vil bleikne bort.

Hanne Kristine var ein inspirator for andre ungdommar og for andre menneske. Det vil ho framleis vere.
Takk for at eg fekk bli kjend med deg, Hanne Kristine.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes
Stryn, 11. august 2012

Del dette:

Relaterte lenker