Fylkesordføraren krev midlar til utdjuping av innseglinga til Florø hamn

– Tilstrekkelege djupner i innseglinga vil vere heilt avgjerande for at Sogn og Fjordane skal kunne vere med i konkurransen om framtidig auka oljeaktivitet innafor riggområdet. Mange viktige kontraktar i riggmarknaden vil verte inngådde i løpet av 2013, skriv Kjelsnes i fråsegna til regjeringa.

Vil koste om lag 38 millionar

Djupnene i innseglinga til Florø hamn fyller i dag ikkje krava for å kunne ta imot store riggar for oljeindustrien. Fylkesordføraren legg vekt på at dette skaper alvorlege problem for næringslivet i Sogn og Fjordane. Ei utdjuping til 16 meter for å fylle krava er førebels kostnadsrekna til om lag 38 millionar kroner.

– Riggservice er eit viktig aktivitetsområde med viktige tenester innan reparasjon, service og ombygging, både på norsk og på britisk sokkel. Riggoppdrag er viktig for heile fylket då den fører til stor aktivitet innan tenesteyting, kommunikasjon, transport og detaljhandel. Det er viktig at Sogn og Fjordane kan ta del i desse aktivitetane, slår Kjelsnes fast.

Fråsegn om løyving på statsbudsjettet 2013 til utdjuping av innseglinga til Florø hamn

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
tlf: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker