Fylkesordføraren jublar for nynorskversjon av Grunnlova

Stortinget har i dag vedteke at Grunnlova no også skal finnast på nynorsk. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes har tidlegare engasjert seg i saka, og meiner dette er ein stor dag for nynorskfylket Sogn og Fjordane.

– Eg er veldig glad, og dette er prov på at det nyttar å kjempe. At vi no får Grunnlova på begge målformene er på mange måtar det synlege beviset på at nynorsken er reelt likestilt i samfunnet vårt, ikkje berre eit haleheng for entusiastar, seier Kjelsnes.

Fylkesordføraren sende tidlegare i vår eit brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, der ho kravde Grunnlova på nynorsk. I dag takkar ho stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane for å ha stått opp for ønska frå heimfylket. Stortinget vedtok nynorskversjonen av Grunnlova med 168 mot 1 røyst.

– Dette var ei verdig avgjerd i jubileumsåret for Grunnlova. Eg trur denne avgjerda også vil vere med og styrke posisjonen Sogn og Fjordane har som nynorskbastion nummer ein i landet vårt. I dag har vi grunn til å feire ein viktig siger, konstaterer fylkesordføraren.

Stortinget vedtok også ei språkleg fornying av bokmålsversjonen av Grunnlova – med 165 mot 4 røyster.

Meir om vedtaket på nettstaden til Stortinget.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut