Fylkesordføraren deltok på verdspremiere i Naustdal

Filmen «Søsken til evig tid» hadde verdspremiere i Fosshalla i Naustdal 12. oktober. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes var til stades og overrekte ei blomsterhelsing til regissør Frode Fimland før premieren.

– Det er din dokumentar som no er klar til å rulle over lerretet og vise ei filmhistorie kanskje mot straumen, men for livet. Det er godt at slike kreative menneske som deg finst, og det er ekstra stas at du framhevar heimfylket slik som du gjer, sa fylkesordføraren.

Regissør Frode Fimland frå Naustdal har laga filmen «Søsken til evig tid» om søskenparet Magnar og Oddny Kleiva. Dei lever på familiegarden Kleiva i Naustdal. Filmen følgjer dei gjennom alle årstidene, og viser kor avhengige dei er av naturen. Dei lever som generasjonar før dei, og det vil dei halde fram med så lenge helsa held.

– Eg gler meg, og er spent på kva strenger denne filmen vil røre i oss kvardagsmenneske med vår hektiske livsstil, uro for å gå glipp av siste nytt, eller trong til å vise at vi heng med i alle sosiale settingar. Den tilsynelatande evige karusellen om å ha økonomi til ny bil, fancy kjøkkenmaskin og større flatskjerm enn naboen. Kan det tenkast at filmen vil utfordre oss på om vi har mista noko vesentleg på klatringa mot ein av dei høgste levestandardane i verda? undra Kjelsnes før ho tok plass i kinosalen.

Meir om «Søsken til evig tid» på

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut