jzr 25m 327l
jzr 25m 327l

Fylkeskulturprisen til Ann Lundekvam og Bjørg Hovland

Fylkeskulturprisen for 2019 går til Ann Lundekvam frå Gaular og Bjørg Hovland frå Luster. Dei får prisen for langvarig og stort arbeid med å ta vare på og føre vidare kunnskap om drakt- og bunadstradisjonar i fylket.

Ann Lundekvam frå Gaular har heilt sidan midt på 70-talet vore engasjerte i bunadsarbeid i Sunnfjord. Ho har heile tida arbeidd systematisk med rekonstruksjon av gamalt draktmateriale. Ho har særleg god kunnskap om ulike handverksteknikkar. Ann har ein stor produksjon av bunader bak seg. Men det ho kanskje har jobba mest med, er å lære opp interesserte i bunadssaum. Ho har hatt lærlingar i bunadstilverkarfaget hos seg, ho har vore lærar i bunadsopplæringa i regi av Studieforbundet kultur og tradisjon, i eit samarbeid med Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag og Norsk folkedraktforum. Ann Lundekvam har vidareført eit arbeid som Olina Fossheim starta rundt 1920 og som vart vidareført av Aud Sunde.

Bjørg Hovland frå Luster har vore sentral i arbeidet med registrering og rekonstruksjon av bunad og drakter i midtre og indre Sogn i fleire tiår. Kunnskapen om dette har ho formidla gjennom artiklar i både fagblad og bøker, og gjennom eit uttal kurs i bunadssaum og om hovudplagg. Hovland har òg rekonstruert og sydd bunader og klede som vart brukt i sognebygdene fleire hundre år attende i tid. I arbeidet sitt har Bjørg Hovland mellom anna også bygd på bilete av nasjonalromantiske kunstnarar som Flintoe og I. C. Dahl. I 2014 gav ho ut boka «Folkedrakter og bunader frå Sogn» på Skald forlag der ho formidlar kunnskap om bunader og klede, stofftypar og mønster, lokale skikkar, og historisk utvikling, alt nøyaktig dokumentert med teikningar, mønster, fotografi, kjelder, stadnamn og årstal.

Både Lundekvam og Hovland kombinerer praktisk kunnskap om handverk og tradisjon med god teoretisk innsikt i kulturhistorie og samfunnsutvikling. Gjennom arbeidet sitt har Ann Lundekvam og Bjørg Hovland bidrege til å gjere oss kjende med ein viktig del av historia vår; korleis folk i tidlegare tider har kledd seg til kvardags og helg. Dei har lært opp yngre generasjonar i eit handverk som er på veg ut, og dei har fornya tradisjonen. Bunad handlar også om identitet, og arbeidet til Lundekvam og Hovland kan førast inn i rekkja av identitetsskapande prosjekt.

Fylkeskulturprisen blir delt ut på fylkestinget i Sogndal 10. desember.

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut