Fylkeskulturprisen 2014

Fristen for å føreslå kandidatar er 25. oktober.

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeid med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Det er hovudutvalet for kultur som deler ut fylkeskulturprisen. Prisen har blitt delt ut sidan 1980, og har hatt vinnarar som Sigrid Moldestad, Oddvar Torsheim, Norsk Forbund for utviklingshemma og Malakoff Rockfestival.

Grunngjevne forslag til kandidatar kan sendast til:

Sogn og Fjordane Fylkeskommune, kulturavdelinga, Postboks 173, 6801 Førde, eller til postmottak.kultur@sfj.no

Kontaktperson:

Jarlaug Elsa Lauritsen
fagkoordinator, kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Jarlaug.Elsa.Lauritsen@sfj.no
sentralbord: +47 57656100 | mob: +47 97178376

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut