Foto som syner ei jente og ein gut som dansar. Guten er kledd i svart og held jenta, som er kledd i kvitt, opp-ned. Bak dei ser me ungdomar som er publikum.
Foto som syner ei jente og ein gut som dansar. Guten er kledd i svart og held jenta, som er kledd i kvitt, opp-ned. Bak dei ser me ungdomar som er publikum.

Foto: David Zadig

Fylkeskulturpris til dans

Prisvinnar Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser har 10 års jubileum i Sogn og Fjordane i 2016, og set ungdom i sentrum. Fylkeskulturprisen 2016 blir delt ut under fylkestinget 6. desember.

Det var hovudutval for næring og kultur som samrøystes tildelte prisen i møte 22. november.

  – Det er ekstra gledeleg med ein vinnar som set ungdommen i sentrum og gir dei tillit. Dei får vere med å bestemme retninga vidare, og gjennom verkstadane har vi og fått nye profesjonelle dansarar i fylket, seier hovudutvalsleiar Karen Marie Hjelmeseter.

Det kom i år inn 15 framlegg til kven som burde få prisen. Nemnda for prisen samla seg om tre kandidatar som vart lagt fram for hovudutvalet: Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser, Judith Vestrheim og Jan Ketil Smørdal.

Prisen er ein diplom og ein sum på 50 000 kroner som vert delt ut på fylkestinget 6. desember 2016.

Saksframlegg til møte i hovudutval for næring og kultur.

Grunngjevinga frå hovudutvalet er som følgjer:

Gjennom arbeid som fritidsleiar i Rygge kommune la Ove Henning Solheim grunnlaget for «Danseverkstedmodellen» som vi i dag kjenner som Dans Uten Grenser. Han vidareførte dette arbeidet då han flytta heim til Førde i 2003, og etablerte Dans Uten Grenser Førde i tilknyting til «Skrivarløa» ungdomshus. Fylkeskommunen fatta interesse for danseverkstadmodellen som folkehelseprosjekt, og frå 2006 har det blitt etablert danseverkstader for barn og unge mellom 10 og 19 år i 13 kommunar i fylket. Dans Uten Grenser har 10 års jubileum i Sogn og Fjordane i 2016.

Dans Uten Grenser set ungdom i sentrum. Ungdommen får vere med å bestemme, noko som bidreg til at dei tar ansvar og blir sjølvstendige. Danseverkstadane vert drifta etter ung-til-ung metodikk. 890 ungdommar har gjennomført opplæring som instruktørar desse 10 åra, og fleire tusen barn og unge har vore med på verkstadane. 100 instruktørar jobbar kvar veke frivillig med undervisning. Dans Uten Grenser har arrangert danseframsyningar og turnear både i eige fylke og i utlandet. 12 instruktørar har gått vidare og satsa på ei profesjonell dansekarriere. Dei er no Side 3 av 3 ressursar for dansemiljøet i fylket. Gje ungdom tillit. Gje dei muligheiter, Gje dei kompetanse til å vere deltakande, aktive, omsorgsfulle i sine lokalsamfunn og det vil blomstre rundt dei skriv Solheim på nettsida til Dans Uten Grenser.

For meir informasjon

Karen Marie Hjelmeseter
leiar, hovudutval for næring og kultur
karen.marie.hjelmeseter@sfj.no
918 47 736

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00