"Fylkeskrysset" på Skei i Jølster opna

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete opna rundkøyringa og vegen rundt det store vekrysset på Skei i Jølster 15. juni.

Mykje folk var samla for å få med seg opninga, og samferdsleministeren måtte skrive autografar i hopetal til ungar som flokka seg rundt henne som om ho skulle vore ein popartist. Navarsete rosa Statens vegvesen og entreprenørane deira som har lagt mykje flid i å gjere vegkrysset vakkert. Både ho og andre talarar tykte det var fint med steinane i krysset som symboliserte fogderia; anorthositt frå Sogn, svart eklogitt frå Sunnfjord og grøn olivin frå Nordfjord.

Frå fylkeskommunen helsa fylkesordførar Nils R. Sandal. Han la vekt på at no er ein viktig del no er ferdig i ein av dei viktigaste diagonalane i fulket vårt; Lærdal-Skei. Vi har dermed fått ei god samanknyting av E39 og E5 med E16 og E15.

Anlegget på riksveg 5 Kjøsnes - Skei har kosta 66 millionar kroner, og det er 5 millionar mindre enn kostnadsrekna. Det er bygt 3,2 kilometer stamveg, 0,5 kilometer fylkesveg og 1,2 kilometer gang- og sykkelveg. Byggherre har vore Statens vegvesen Region vest med Valdres Anlegg AS som hovudentreprenør. Kunstnaren Tor Lindrupsen står for utsmykkinga og byggjetida har strekt seg frå 14. september 2004 til 15. juni 2006.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut