Fylkeskommunen vil ha Landsskyttarstemnet til Kråkenesmarka

Førde Skyttarlag søkjer Det Frivillige Skyttarvesen om å få arrangere Landsskyttarstemnet 2017. Avgjerda vert teken på skyttartinget i månadsskiftet juli-august 2013.

Fylkeskommunen støttar søknaden i eit eige brev lagt ved søknaden. Her viser fylkeskommunen til at innbyggjarane i Sogn og Fjordane gong på gong syner at fylket gjennom god friviljug innsats er ein vellukka arrangørstad for store nasjonale arrangement.

Fylkeskommunen har vore med og sikra utvikling og oppgradering av skyttararenaen i Kråkenesmarka i eit tett og godt samarbeid med Førde Skyttarlag og Førde kommune. Dette samarbeidet vil halde fram. Det er eit felles ansvar at Kråkenesmarka skyttarstadion held dei kvalitative og kvantitative mål som må til for å arrangere eit nytt landsskyttarstemne i 2017.

Brev frå Sogn og Fjordane fylkeskommune om Landsskyttarsemnet 2017 til Førde

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut