Fylkeskommunen ventar nytt inntektssystem denne veka

Mykje tyder på at regjeringa vil føreslå eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane i kommuneproposisjonen for 2015, som kjem 14. mai. Fylkeskommunen har klare krav til korleis vi meiner det nye systemet bør vere.

Ein stor del av inntektene til fylkeskommunane vert fordelte frå staten. Inntektssystemet seier noko om korleis staten fordeler dei ulike rammetilskota og skatteinntektene ut til kommunesektoren.

Fylkesutvalet sende innspel i februar

Regjeringa har varsla at dei vil endre dette systemet, og det er grunn til å tru at dei varsla endringane vert gjort kjende i kommuneproposisjonen 14. mai. Her presenterer regjeringa kva politikk og økonomisk opplegg dei vil ha for fylkeskommunane det komande året.

Fylkesutvalet gav i februar eit samrøystes innspel til regjeringa sitt arbeid med eit nytt inntektssystem. Fylkespolitikarane la då vekt på korleis dei meiner systemet bør sjå ut i framtida og kommenterte alle dei tre «ordningane» inntektssystemet er sett saman av.

Inntektsskilnadar bør utjamnast i størst mogleg grad

Prinsippet om inntektsutjamning skal sørgje for at skilnadane i skatteinntektene til fylkeskommunane, vert jamna ut. Dette har fram til no gjort at Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore «løfta» opp på eit skatteinntektsnivå som ligg på om lag 98 prosent av landsgjennomsnittet. Utan slik utjamning ville vi ligge på 92 prosent av landsgjennomsnittet.

Fylkesutvalet ønskjer å minst halde på dagens ordning når det gjeld inntektsutjamning. Utvalet føreset uansett at inntektsskilnadane også i framtida i størst mogleg grad bør jamnast ut for å leggje til rette for likeverdige tilbod i heile landet.

Økonomiplanen for fylkeskommunen har ikkje teke høgde for endringar i denne ordninga.

Både fag og politikk i utgiftsutjamninga

Utgiftsutjamninga skal jamne ut dei ulike utgiftsbehova fylkeskommunane har. Utgiftsbehova til fylka vert rekna ut frå ein del kriterium, til dømes folketal, tal skuleelevar og topografi. Ordninga inneber at staten omfordeler pengar frå fylkeskommunar med lågt utgiftsbehov til fylkeskommunar med høgt utgiftsbehov. Sogn og Fjordane fylkeskommune ligg i dag 61 prosent over landsgjennomsnittet og har med dette det høgaste utgiftsbehovet av alle fylkeskommunane.

Fylkesutvalet slår fast at utgiftsutjamninga består av både fag og politikk, og meiner det ikkje går an å rekne seg fram til «rettferdig fordeling» basert på faglege kriterium aleine.

Utgiftsutjamning av lovfesta og ikkje-lovfesta tenester

Når det gjeld utgiftsutjamning av lovfesta tenester (vidaregåande opplæring, tannhelse og skuleskyss), meiner fylkesutvalet at staten bør lage faglege kostnadsnøklar. Fylkespolitikarane ønskjer at regjeringa då aktivt må ta stilling til om dei skal vektleggje variasjon i busettingsmønsteret.

I utgiftsutjamning av ikkje-lovfesta tenester meiner fylkesutvalet regjeringa bør ta omsyn til dei store variasjonane som er mellom ulike fylkeskommunar. Slike variasjonar kan vere folketal, busetnadsmønster, areal, topografi og tenester som delvis vert løyste gjennom statlege tilbod, som til dømes NSB. Økonomiplanen til fylkeskommunen reknar med at utgiftsutjamninga for Sogn og Fjordane vert justert monaleg ned i eit nytt inntektssystem. Særleg kostnadsnøkkelen for samferdsle er avvikande i høve dei andre fylka.

Inntektsgarantiordninga

Den tredje ordninga i inntektssystemet i dag er inntektsgarantiordninga. Ho skal skjerme mot bråe svikt i rammetilskotet og sørgje for at ingen fylkeskommunar får ein større nedgang i rammetilskotet enn 100 kr pr. innbyggar frå eitt år til neste. Alle fylkeskommunane kan måtte bidra til garantiordninga.

Økonomiplanen til fylkeskommunen føreset at dagens inntektsgarantiordning vil bli vidareført. Planen legg til grunn at dersom regjeringa vidarefører ordninga, vil Sogn og Fjordane fylkeskommune miste ca. 11 mill. kr i 2015, 22 mill. kr i 2016 og 33 mill. kr i 2017. 2017 er siste året i planen, men det nye systemet kan likevel kome til å redusere inntektene våre også for seinare år.

Vedtaket frå fylkesutvalet finn du i møteboka frå 26. februar 2014 (sak 8/14).

For meir informasjon

Eli Nes Killingrød
økonomisjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf.: 917 10 788
e-post: eli.nes.killingrod@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut