Fylkeskommunen støttar dei katastroferåka i Japan

Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver 100 000 kroner til hjelpearbeidet etter jordskjelvkatastrofen i Japan i mars.

Fylkesutvalet vedtok i møtet på Hotel Alexandra i Loen 5. april at fylkeskommunen skal støtte hjelpearbeidet i Japan med 100 000 kroner.

Japan vart 11. mars i år råka av eit kjempejordskjelv. Dette utløyste også ei tsunamibølgje, som først og fremst trefte den nordaustlege delen av landet.

Del dette:

Relaterte lenker