Fylkeskommunen søkjer etter to nye traineear

Fylkeskommunen søkjer etter to traineear frå hausten 2010. Desse får sjansen til å jobbe med mange av dei spanande fagfelta i fylkeskommunen, samtidig som dei tek del i traineeprogrammet til Framtidsfylket. Søknadsfristen er 8. mars.

- Tida mi til no som trainee i fylkeskommunen har vore svært lærerik, seier noverande trainee Bente Sønsthagen. – Eg har fått prøvd meg på eit stort omfang av arbeidsoppgåver, blant anna utgreiingar og sakshandsaming, skriving av nyhendemeldingar til nettsidene og ulike prosjekt innan tema som ungdomsarbeid, personalsaker og næringsutvikling. I tillegg har fylkeskommunen vore flinke til å ta med oss traineear på mange spennande kurs og konferansar som me elles sannsynlegvis ikkje hadde hatt sjanse til å delteke på.

Den andre av årets traineear i fylkeskommunen, Karoline Bjerkeset, er samd og trekk også fram fordelene med å vere ein del av eit traineeprogram. – Det å få god fagleg oppfølging frå arbeidsgjevar i tillegg til personleg oppfølging på traineesamlingane, er ein stor bonus ved det å vere trainee. I tillegg har vi blitt ein samansveisa gjeng på desse samlingane som eg håpar greier å halde kontakten etter traineeåret, avsluttar ho.

Fagfelt som søkarane skal arbeide med kan mellom anna vere næringsutvikling og økonomi, klima og miljø, personalarbeid og utdanningsadministrasjon. I tillegg vil traineeane bli mykje brukt til informasjonsarbeid mot heimesider og sosiale medium. Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa den einskilde sine føresetnader og interesser, og innan dei ulike felta kan traineeane ta del i utgreiing, sakshandsaming og prosjektarbeid.

Gjennom traineeperioden vert traineeane kjende med både Sogn og Fjordane og fylkeskommunen, og kjem i god kontakt med fylkeskommunen sine samarbeidspartnarar. Traineeprogrammet går frå august 2010 til august 2011.

Vi ser etter personar som har høgare utdanning innan økonomi/administrasjon/samfunnsfag. Vi oppmodar spesielt kandidatar med nedsett funksjonsevne eller med innvandrarbakgrunn å søkje. Stillingsstorleik kan tilpassast etter behov.

Meir informasjon om Framtidsfylket og traineeprogrammet

For meir informasjon om stillingane, kontakt:

Bente Sønsthagen -trainee - tlf 41464662
Karoline Bjerkeset -trainee -tlf 92641843
Endre Høgalmen - ass. fylkesdirektør -tlf 95207789

Del dette:

Relaterte lenker