Fylkeskommunen sløkkjer lyset for klimaet

Laurdag 29. mars kl. 20.30 er det på ny tid for Earth Hour. Fylkeskommunen sluttar seg også i år til klimakampanjen og oppmodar også andre, både kommunar, bedrifter og private, til å delta.

Earth Hour er ei verdsomfattande symbolsk markering for klimaet. World Wildlife Fund (WWF) er initiativtakar og global arrangør, og det er fjerde gong kampanjen vert arrangert i Noreg.

Kampanjen inneber å få flest mogleg til å sløkkje lyset i minst ein time. Fylkeskommunen sløkkjer lyset i alle fylkeskommunale bygg laurdag 29. mars kl. 20.30.

Vi må forsvare klimaet

– Vi må forsvare klimaet vårt i alle samanhengar, og redusert energibruk er eit viktig tiltak. No oppmodar vi andre i fylket til også å sløkkje lyset for klimaet vårt, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Målet til WWF er å skape merksemd rundt energibruken i verda, og vise korleis livsstilen vår i stor grad påverkar planeten. Dette syner seg i alt frå ekstreme endringar i klimaet, flaum og tørke, til svoltkatastrofar, tap av artar og avskoging.

Det vidare målet med kampanjen er at alle skal ta med seg engasjementet frå Earth Hour og gjere meir for klimaet dei andre dagane i året.

Meir om Earth Hour på nettsida til kampanjen.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut