Fylkeskommunen sløkkjer lyset for klimaet

Laurdag 23. mars klokka 20.30 er det igjen tid for Earth Hour. Målet er at flest mogleg bygningar over heile verda skal vere mørklagde for klimaet. Fylkeskommunen er med og skrur av lyset i alle fylkeskommunale bygg.

Earth Hour er ei verdsomfattande symbolsk markering for klimaet. World Wildlife Fund (WWF) er initiativtakar og global arrangør, og det er fjerde gong kampanjen vert arrangert i Noreg.

Målet er å skape merksemd rundt energibruken i verda, og vise korleis livsstilen vår i stor grad påverkar planeten. Dette syner seg i alt frå ekstreme endringar i klimaet, flaum og tørke, til svoltkatastrofar, tap av artar og avskoging.

Det vidare målet med kampanjen er at alle skal ta med seg engasjementet frå Earth Hour og gjere meir for klimaet dei andre dagane i året. Sogn og Fjordane fylkeskommune oppmodar alle – både privatpersonar og bedrifter – om å delta laurdag 23. mars.

Meir om Earth Hour

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut