Fylkeskommunen sløkkjer lyset for klima

This Earth Hour, go beyond the hour. Earth Hour har blitt ei global rørsle og den største klimakampanjen i verda sidan markeringa oppstod i 2007. I år har fylkeskommunen slutta seg til rørsla og deltek den 26. mars kl. 20.30.

Sogn og Fjordane fylkeskommune sluttar seg i år til den verdsomfattande klimakampanjen Earth Hour. I 1 time mellom kl. 20.30 og 21.30, laurdag 26. mars, skal lyset i fylkeskommunale bygningar og leigeareal vere sløkte. Fylkesrådmannen ber om at dei respektive leiarane følgjer opp fylkeskommunen si tilslutning til kampanjen, og han gjennomfører sjølv ei organisering ved eininga si.

Slagordet for Earth Hour 2011 er “meir enn ein time”, og set søkelys på at kampanjen er meir enn berre ein time med sløkt lys. Målsetjinga til den globale arrangøren WWF er å gjere folk merksam på at ein må gjere meir for klima gjennom heile året.

Oppslutninga for 2011 ser ut til å gå mot nye rekordar, med over 3800 påmelde byar, 131 land, 130 norske kommunar, og mange fleire.

Ønskjer du å lese meir om kampanjen, gå til Earth Hour-sidene til WWF.

Del dette:

Relaterte lenker