Fylkeskommunen skal framleis vere medeigar i Fjord1

Frank Willy Djuvik (Frp) reiste framlegg om at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal selje seg ut av Fjord1 i fylkestinget i dag 19. oktober. Framlegget nådde ikkje fram, og fylkespolitikarane slutta seg til eigarmeldinga slik ho låg føre.

Eigarmelding 2010 – om fylkeskommunal eigarskap i selskap – vart lagt fram for fylkestinget 19. oktober.

Fylkestinget slutta seg til tilrådingane frå fylkesutvalet, og endringsframlegget frå Framstegspartiet vart dermed ikkje teke til følgje.

Endringsframlegg

Djuvik fremja forslag om at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal selje seg ut av Fjord1. I framlegget vart det også foreslått at fylkeskommunen skal avvikle selskapet Sogn og Fjordane Holding AS og selje aksjane i Botnaneset Industriselskap AS.

Endringsframlegget fekk ikkje fleirtal, og eigarmeldinga vart dermed vedteken slik ho låg føre frå fylkesutvalet – mot fire stemmer (Frp).

Ingen endringar

Det betyr at dei tre selskapa ein vedtok å selje i 2009, framleis er til sals. Desse tre er AS Norsk Fjordhestsenter, Vikafjellsvegen BA og L.O.G AS. Det vert ikkje gjort endringar i høve dei andre selskapa som fylkeskommunen har eigarskap i.

Eigarmeldinga som vart lagt fram for fylkestinget er todelt. Den første delen inneheld generelle vurderingar og prinsipp for eigarpolitikk. I den andre er det ei oversikt over, og gjennomgang av, dei einskilde selskapa og stiftingane der fylkeskommunen har eigarinteresser eller er medstiftar.

Del dette:

Relaterte lenker