tjnf 65pjal
tjnf 65pjal

Foto: Hordaland fylkeskommune

Fylkeskommunen skal administrere fylkesvegane

Regjeringa har konkludert med at ansvaret for å administrere fylkesvegane skal overførast til dei nye fylkeskommunane som ein del av regionreforma.

Fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane er glade for at regjeringa no følgjer opp Stortinget sitt vedtak og overfører fylkesvegadministrasjonen i sin heilskap frå staten til fylkeskommunane.

– Dette er ein god dag for fylkesvegane og alle brukarane som er avhengige av dei til dagleg. No skal vi sikre at den konkrete jobben med å overføre administrasjonen av fylkesvegane går godt, og at vi tek imot dei tilsette frå Statens vegvesen på beste vis, seier fylkesordførar i Hordaland og leiar for fellesnemnda, Anne Gine Hestetun.

– Fylka har ansvaret for fylkesvegnettet, både økonomisk og juridisk. Då er det ein «missing link» at vi ikkje har hatt kompetansen knytt til utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesveg. Ei overføring av fylkesvegadministrasjonen vil vere heilt avgjerande for at fylkeskommunane skal lukkast som vegeigar, og det vil styrke rolla vår som samfunnsutviklar, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane og nestleiar for fellesnemnda, Jenny Følling.

Nøgd med avklaring

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har etablert eit prosjekt for å sjå på framtidig organisering av vegområdet i den nye Vestland fylkeskommune, inkludert korleis fylket skal ta over dei nye oppgåvene knytt til vegadministrasjon. Fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal, er leiar for prosjektet.

– Eg er nøgd med at det er kome ei avklaring på korleis sams vegadministrasjon skal avviklast. Vi har eit godt og konstruktivt samarbeid med Statens vegvesen i denne prosessen, med sikte på å få til ei god og effektiv organisering av vegadministrasjonen i Vestland fylkeskommune og sørge for ein god og smidig overføring av tilsette, seier Dina Lefdal.

Les meir i pressemeldinga frå Samferdsledepartementet

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568