Fylkeskommunen si eigarmelding 2014

Ei eigarmelding om fylkeskommen sin eigarskap i selskap vert lagt fram for fylkestinget kvart år. Årets eigarmelding vart handsama av fylkestinget 14. oktober, og omtalar m.a. eigarpolitikken og kvart selskap fylkeskommunen har eigarskap i.

Fylkestinget har vedteke prinsipp for sin eigarpolitikk, fyrste gong i desember 2008. Kvart år vert det gjort vurderingar av m.a. samfunnsansvar, etikk, korleis utøve fylkeskommunalt eigarskap, samt regelverk knytt til habilitet for folkevalde i ulike roller. Eigarmeldinga omhandlar eigarpolitikk med synspunkt og vurderingar av mellom anna mål for fylkeskommunal eigarskap, prinsipielle utfordringar, samfunnsansvar, etikk, reglar og rutinar for korleis utøve fylkeskommunal eigarskap, rolle-fordeling, samt habilitet, i tillegg til omtale av kvart selskap som fylkeskommunen har eigarskap i.

Måla fylkeskommunen har med eigarskapen har hittil variert frå selskap til selskap og er i hovudsak samansett av eitt eller fleire av fylgjande punkt:

  • Sikre at investert kapital oppnår høgast mogeleg avkastning over tid, dvs. forretningsmessige mål.
  • Sikre at inntekter av naturressursane i fylket kjem innbyggjarane i fylket til gode.
  • Behalde og vidareutvikle arbeidsplassar, spesielt kompetansearbeidsplassar/FoU-miljø i fylket.
  • Vere fødselshjelpar ved nyetableringar som ikkje vil kome opp og gå utan fylkeskommunalt medeigarskap.
  • Sikre god infrastruktur i fylket (straum, vegar, kollektivtrafikk, FoU-miljø).
  • Sikre gode fellesskapsløysingar innan einskilde område som t.d. kultur og revisjon.

Vedtak i sak 14/5238-8: Eigarmelding 2014:

1. Fylkestinget sluttar seg til vurderingane og prinsippa for eigarpolitikk i del I av eigarmeldinga, inkl. nye mål for eigarskapen, jf. vedlegg 1, del I, pkt. 1.2. med slike tillegg:
Pkt.1.2 Framlegg til nye føremål om eigarskapen

Nytt punkt under punkt 2: Delta i selskap der vi opptrer som regional utviklingsaktør og tilfører/får kompetanse.

Nytt punkt under punkt 3: Delta i selskap som har stort innslag av ansvar for å tilrettelegge for særlege grupper.

2. Fylkestinget legg følgjande til grunn for dei einskilde selskapa, jf. del II (jf. vedlegg 1):
a. Inntil anna ev. vert bestemt - vidareføre eigarskapen i fylgjande selskap: F1 Holding AS, Fjord1 AS, Sogn og Fjordane Energi AS, Sogn og Fjordane Holding AS, Innovasjon Norge, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS, Fjord Invest Såkorn AS, Framtidsfylket AS, Opplæringsfartøy AS, Vigo IKS, Kommunekraft AS, Sogn og Fjordane Teater, Trivselshagen IKS, Sogn og Fjordane Revisjon IKS, Lutelandet Utvikling AS, Sandane Industri L/L, Mentro AS (tidl. Firda Produkt AS), Origod AS, Gulen og Masfjorden Utvikling AS og Sogneprodukt AS.

b. Starte prosess med avvikling av eigarskapen i fylgjande selskap: Luna Industri AS (prosess er i gang), Botnaneset Industriselskap AS, Njøs næringsutvikling AS, Firda Billag AS og Norsk Fjordhestsenter AS.

3. Fylkesrådmannen får i oppdrag å førebu avvikling av eigarskapen i selskapa omtalt under pkt. 3b ovanfor. Fylkesutvalet får framlagt ein kort strategi for avvikling av eigarskapen i selskapa.

4. Fylkesutvalet har etter delegeringsreglementet punkt 4.5 mynde til å fatte endeleg avgjerd om sal av aksjepostane/lutane i selskapa omtalt under pkt. 3b ovanfor.

5. Fylkestinget ber om at det vert lagt fram ei sak om forenkla rapportering og oppfølgjing av selskap der fylkeskommunen har eigarskap. Det er særleg viktig å forenkle rapportering for selskap som det ikkje har skjedd vesentlege endringar med siste året. Fylkesutvalet får fullmakt til å godkjenne det opplegget for rapportering.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut