Fylkeskommunen på karrieremessene til Framtidsfylket

Fylkeskommunen er tilstades når karrieremessene til Framtidsfylket av året byrjar med første messa i Trondheim 3. februar. Nytt av året er ei messe i Sogndal og lanseringa av filmen om Framtidsfylket Sogn og Fjordane.

Messene er ein felles arena for bedrifter i Sogn og Fjordane, der dei kan kom for å vise kva næringslivet og offentleg sektor i fylket vårt har å by på. Messa i Sogndal er ny av året og blir halde i Sogndal Kulturhus 15. februar.

Torsdag 3. februar kjem Framtidsfylket og 28 bedrifter, medrekna Sogn og Fjordane fylkeskommune, til universitet i Trondheim. Her vert det premiére på filmen “Framtidsfylket Sogn og Fjordane – filmen”, ein rekrutteringsfilm med støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. I filmen får me møte mange unge menneske i fylket og bli inspirert av deira historier.

På NTNU Gløshaugen blir det i år eit nytt felles opplegg med presentasjonar for alle interesserte på dagtid, og eit lukka arrangement (gratis påmelding innan 2. februar kl. 12.00) på kveldstid. Etter Trondheim følgjer det tre messer i løpet av kommande veker: Oslo 7. februar, Sogndal 15. februar og Bergen 17. februar.

Del dette:

Relaterte lenker