Fylkeskommunen og Fylkesmannen tok i bruk amtskontoret

Leiinga hjå Fylkesmannen og fylkeskommunen hadde 9. oktober drøftingsmøte på det gamle amtskontoret, som vart nyopna i samband med 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane.

Drøftingsmøtet gjekk føre seg i historiske omgjevnadar. Amtskontoret på Fylkesmannsgarden i Leikanger vart bygd i 1851 og var kontor for Fylkesmannen frå 1862 til 1939. Huset er restaurert og vart nyopna i samband med markeringa av 250-årsjubileet til fylket 19. september i år.

Drøftingsmøtet 9. oktober er eitt av fleire jamlege orienteringsmøte fylkeskommunen og Fylkesmannen har i løpet av eit år.

Leiinga i organisasjonane orienterte kvarandre om blant anna:

  • samarbeidsprosjektet Stat – Næring (fylkesmannen)
  • oppfølginga av «Framtidskonferansen» i Balestrand (begge partar)
  • nynorsk-forum, status og vidare arbeid (fylkeskommunen)
  • eit mogleg byggjesteg II ved Sogndal vidaregåande skule / sal av gymnasbygget (fylkeskommunen)
  • Vestlandsrådet – samarbeidsutsiktene vidare (fylkeskommunen)
  • regional støtte/differensiert arbeidsgjevaravgift etter 01.07.14 (fylkeskommunen)
  • regional eigarskapspolitikk (fylkeskommunen)
  • vidare arbeid med eigne samarbeidsavtalar (begge partar)
  • vidare profilering av fylket (begge partar)

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut