Fylkeskommunen kåra til nest beste stand på europeisk konferanse

Sogn og Fjordane fylkeskommune deltok 4. og 5. juni på ein konferanse om Trygge lokalsamfunn i Falköping i Sverige. Der markerte fylkeskommunen seg med stand og informasjon om arbeidet med Trygge lokalsamfunn her i fylket. Deltakinga vart premiert med andreplass for beste stand.

Dette var tredje gong konferansen «European Regional Safe Community Conference» gjekk av stabelen, og han hadde fått tittelen «Safety - Yesterday, Today & Tomorrow».

Deltakarane presenterte forskingsresultat, politikk og satsingar på førebygging av ulykker i fleire europeiske land i plenum og i fleire parallelle seminar. Målet med slike konferansar er å auke forståinga for ulukker som samfunnsproblem, samt inspirere og stimulere til brei og tverrfagleg innsats både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.

Mental helse, sjølvmord, trygge eldre, trygge barn, trygge skular og trygge sjukehus var nokre av fleire viktige tema konferansen tok opp.

Meir om Trygge lokalsamfunn.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette