Fylkeskommunen jobbar vidare med likestilling, likeverd og mangfald

Fylkeskommunen fekk i 2009 sin første handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald, og det er denne som no er justert. Den nye planen gjeld fram til 2017 og legg vekt på konkrete delmål og tiltak.

Det overordna målet er at både medarbeidarar og brukarar skal oppleve Sogn og Fjordane fylkeskommune som ei verksemd som verdset og prioriterer likestilling, likeverd og mangfald. Handlingsplanen inneheld vidare sju delmål.

Eitt av dei er at fylkeskommunen saman med Fylkesmannen, Høgskulen og Nav i Sogn og Fjordane skal publisere ein årleg mangfalds- og likestillingsstatus for fylket. Målet er at den første statusen skal vere klar innan utgangen av 2015. Arbeidet skal publiserast i Fylkesspegel for Sogn og Fjordane.

Eit anna delmål er å utvikle gode offentlege nettstadar, som kan bidra til betre integrering av innvandrarar her i fylket. Fylkeskommunen skal innan utgangen av 2016 ta initiativet til eit samarbeidsprosjekt mellom dei offentlege aktørane i fylket for å få dette til.

Handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald 2014–2017.

For meir informasjon

Jan Erik Weinbach
rådgjevar, personal
jan-erik.weinbach@sfj.no
57 65 64 31

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut