Fylkeskommunen inngår forlik med Fjord1 AS

Fylkesutvalet har i dag vedteke å inngå eit forlik på 1,3 millionar kroner med Fjord1 AS. Dette skal dekkje kostnadane Fjord1 hadde med å delta i den avlyste anbodskonkurransen om hurtigbåtar i 2008.

Fjord1 kravde ein kompensasjon på to millionar kroner etter at anbodskonkurransen om snøggbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen vart avlyst i mars 2008. Selskapet har no varsla at dei vil akseptere eit forlik på 1,3 millionar kroner som fullt og endeleg oppgjer for alle krav nytte til avlysinga.

Det var eit samrøystes fylkesutval som aksepterte forliket i møtet 4. juni.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no