Fylkeskommunen inngår avtale med Redningsselskapet

Fylkeskommunen teiknar partnarskapsavtale med Redningsselskapet Sogn og Fjordane. Avtalen inneber at Redningsselskapet får til saman 225 000 kroner frå fylkeskommunen dei neste tre åra. Fylkesordføraren meiner avtalen sikrar viktig trafikktryggingsarbeid på sjøen.

Redningsselskapet Sogn og Fjordane gjer ein stor og viktig jobb i fylket. Dei fremjar sjøvett og arbeider for å motverke drukningsulukker.

Vinn-vinn-situasjon

– Fylkeskommunen har i mange år hatt samarbeidsavtale med fotballkretsen om trygg transport til og frå trening og kampar. Det er viktig for oss å også kunne drive ulukkesførebyggjande arbeid for barn og unge når det gjeld aktivitetar til sjøs. Redningselskapet når ut til eit stort publikum på ein mykje meir målretta måte enn vi som fylkeskommune er i stand til. Difor er vi svært glade for denne avtalen. Eg ser på han som ein vinn-vinn-situasjon i arbeidet som trygt lokalsamfunn, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Det var hovudutvalet for plan og næring som i møtet 13. mars vedtok å teikne partnarskapsavtalen med Redningsselskapet. Avtalen med fylkeskommunen sikrar Redningsselskapet 75 000 kroner årleg i 2012, 2013 og 2014.

Fremjar sjøvett og motverkar drukningsulukker

Fylkeskommunen skal ifølgje den nye folkehelselova vere pådrivar for folkehelsearbeidet i fylket. Samstundes skal fylkeskommunen samordne og støtte dette arbeidet gjennom partnarskap og alliansebygging. Redningsselskapet gjer ein stor og viktig jobb for å fremje sjøvett og motverke drukningsulukker i Sogn og Fjordane.

– Organisasjonen er aleine om dette arbeidet her i fylket og er dermed ein viktig partnar i arbeidet med Trygge lokalsamfunn. Gjennom avtalen er fylkeskommunen i stand til å drive målretta trafikksikringsarbeid til sjøs. Det hadde ikkje vore mogeleg på same måte utan dette partnarskapet. Det er eg heilt sikker på, slår fylkesordføraren fast.

Fylkeskommunen har vore med i WHO-nettverket Trygge lokalsamfunn sidan 2005.

Viktige aktivitetar for barn og unge

Redningsselskapet gjennomfører årleg ulike aktivitetar for barn og unge i Sogn og Fjordane. Dei når kvart år om lag 3000 barn og unge mellom 9 og 18 år gjennom sommarskule, ungdomsleir og tryggleikstokt. Ei viktig oppgåve er å skape sunne haldningar ved å lære barn og unge sjøvett gjennom grunnleggjande kunnskap om trygg ferdsel på sjøen

Avtalen med fylkeskommunen gjev Redningsselskapet gode og langsiktige rammer til å planleggje og gjennomføre viktige tiltak for å førebyggje skader og ulukker.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker