Fylkeskommunen i revidert nasjonalbudsjett 2012 og kommuneproposisjonen for 2013

Det reviderte nasjonalbudsjettet for 2012 føreseier ein auke i skatteinntekter på 400. mill. kr for fylkeskommunane.

Kommuneproposisjonen for 2013 syner ein vekst i frie inntekter på 25,4 mill. kr for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er gledeleg at regjeringa aukar dei frie inntektsmidlar. Det er likevel usikkert korleis vi vil komme ut sidan vi har ei lågare folketalsutvikling i landet elles. Dette er ei ufordring vi har fokus på, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

– Dersom dette talet skal stå seg også i statsbudsjettet for 2013, er vi avhengige av at vi held følgje med landet når det gjeld folketalsutviklinga og fordelinga på aldersgrupper, seier fylkesrådmann Tore Eriksen. - Realistisk sett må vi her rekne med noko lægre tal. Eriksen påpeikar at dette også vil gjelde for kommunane, som i proposisjonen er førespegla vel 90 mill. kr.

Det er og spådd ein auke i skatteinntektene på 400 mill. kr i revidert nasjonalbudstett 2012. Det er ikkje klart kor stor denne auken blir for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Det er førebels vanskeleg å seie korleis dette vil slå ut for oss, seier Eriksen.

– Avgjerande i så måte vert skatteutviklinga her i fylket samanlikna med landet elles. Vi må dessutan sjå ein ev. skatteauke i samanheng med lønsoppgjeret i 2012 og dei pensjonskostnadane vi vil møte.

I revidert budsjett legg ein opp til 145 mill. kr i skjønsmidlar etter uvêret «Dagmar» i romjula 2011. - Ikkje berre Sogn og Fjordane, men også nabofylka våre vart påført store skader i uvêret. 145 mill. kr er veldig lite sett i lys av dei skadane Sogn og Fjordane fylkeskommune er påført aleine. Med denne summen til grunn, er det lite sannsynleg at vi får dei midlane me har søkt om som kompensasjon, seier Åshild Kjelsnes. Sogn og Fjordane fylkeskommune har meldt inn skader på fylkesvegnettet på over 90 mill. kr etter «Dagmar».

Revidert nasjonalbudsjett 2012

Kommuneproposisjonen 2013 for Sogn og Fjordane

For meir informasjon:

fylkesordførar Åshild Kjelsnes
tlf: 918 88 568

Del dette:

Relaterte lenker