Fylkeskommunen har inngått forlik med Norled

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norled (tidlegare Tide Sjø AS) har inngått forlik i ankesaka som har vore fremja for Gulating lagmannsrett. Norled trekkjer kravet om erstatning for positiv kontraktsinteresse.

Hovudpunkta i forliksavtalen er som følgjer:

  1. Norled trekkjer kravet om erstatning for positiv kontraktsinteresse retta mot Sogn og Fjordane fylkeskommune.
  2. Sogn og Fjordane fylkeskommunen utøver to års opsjonen i opphavleg kontrakt slik at kontraktstida vert forlenga med to år, dvs. frå åtte til ti år.
  3. Fylkeskommunen forpliktar seg til å vurdere eventuelle forslag til rutejusteringar som Norled måtte kome med. Det vil likevel vere opp til fylkeskommunen å avgjere om slike justeringar skal imøtekomast.
  4. Kvar av partane dekkjer eigne sakskostnader.

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
415 30 932
tore.eriksen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut