Fylkeskommunen får større nedgang i inntektene enn rekna med

Regjeringa presenterte i dag nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil etter ein overgangsperiode på fem år få opp mot 250 mill. kr årleg mindre enn i dag. Det vil få store konsekvensar for tenestetilbodet til fylkeskommunen.

– Det vil vere dramatisk for innbyggarane i fylket om vi får så reduserte inntektsrammer som det ser ut til i dag. Vi har vore klar over at eit nytt inntektssystem ville gi oss lågare inntekter. Den førre inntektsgarantiordninga gjorde likevel at utfordringane var handterbare. Regjeringa erstattar no denne med ei overgangsordning, som gjer at vi får langt tøffare utfordringar, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Ho er oppteken av at inntektssystemet ikkje berre er eit fagleg spørsmål, men er i like stor grad politiske vurderingar.

– Eg vil no følgje dette nøye fram mot handsaminga i Stortinget, seier Kjelsnes.

Raskare omstilling enn rekna med

Inntektssystemet til fylkeskommunen er i dag sett saman av tre ordningar: inntektsutjamning, utgiftsutjamning og inntektsgarantiordninga. Dei største utfordringane kjem som følgje av endringar i ordninga med utgiftsutjamning.

Regjeringa endrar kostnadsnøklar, spesielt for samferdslesektoren. Dei negative effektane av endringane vert større enn venta. I tillegg må fylkeskommunen tilpasse seg endringane på kortare tid enn rekna med. Den nye overgangsordning som erstattar inntektsgarantiordninga, gjer at fylkeskommunen må tilpasse seg endringane på fem år, noko som er kortare tid enn føresett.

Når det gjeld ordninga med inntektsutjamning, ser denne ut til å slå svakt positivt ut for Sogn og Fjordane.

Ulike utfordringar krev ulik tilnærming

Fylkesordføraren helsar i utgangspunktet eit nytt inntektssystem velkomen.

– Alle er samde om at det gamle systemet var utdatert. Vi ser at storbyane har utfordringar, som sterk folketalsauke og press på kollektivtrafikken og infrastrukturen. Utfordringane i distrikta er gjerne knytte til svak folketalsutvikling, spreidd busetnad, lange avstandar, vanskeleg topografi og manglande statlege tenester, som til dømes NSB. Vi kan ikkje bruke ein og same reknemodell for å løyse så ulike problem, seier fylkesordføraren.

Nettopp dette var eitt av dei viktigaste innspela eit samrøystes fylkesutval sende til regjeringa i februar i år – at utgiftsutjamninga består av både fag og politikk. Fylkespolitikarane sa då at det ikkje går an å rekne seg fram til «rettferdig fordeling» basert på faglege kriterium aleine.

– Her må vi no jobbe politisk for å prøve å få gjennomslag for ei betre fordeling, som sikrar ei god utvikling i alle delar av landet. Slik det ser ut no, så legg det nye inntektssystemet opp til ei sterk sentralisering, slår Kjelsnes fast.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar
tlf. 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Eli Nes Killingrød
økonomisjef, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf.: 917 10 788
e-post: eli.nes.killingrod@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568