Fylkeskommunen etablerer fylkesforum for universell utforming

Fylkeskommunen har fått 400 000 kroner frå staten til etablering av eit fylkesforum for universell utforming. Dette handlar om å forme produkt og omgjevnadar slik at dei i så stor utstrekning som muleg kan brukast av alle – utan behov for tilpassing eller spesiell utforming. Forum for universell utforming vert eit viktig ledd i fylkeskommunen sitt arbeid med trygge lokalsamfunn.

Tilgjengeleg og skadeførebyggjande

Kring 20 prosent av befolkninga har ei eller anna form for varig funksjonsnedsetting, og rundt 70 prosent vil oppleve å ha ei funksjonsnedsetting i periodar av livet. Eldre utgjer i mange kommunar 15–20 prosent av befolkninga, og talet på eldre vil auke i åra som kjem.

Barn og ungdom er ei tredje stor gruppe som det må takast spesielle omsyn til i samfunnsplanlegging generelt og i skadeførebyggande arbeid spesielt.

– Færre snublekantar og glatte flater, fleire rekkverk og tydelege kontrastar og skilting er i tråd med prinsippa for universell utforming. Det er i tillegg direkte skadeførebyggande, seier rådgjevar i fylkeskommunen, Heidi Ekehaug.

Må endre tenkjemåte

Det er ein grunnleggande demokratisk rett at alle skal kunne delta på lik linje i samfunnet, både i fritida, i skule og i arbeidsliv. Likevel er ikkje universell utforming enno eit sjølvsagt element i all planlegging og prosjektering. Dette kan gå på både haldningar og kunnskap.

– Den viktigaste utfordringa er kanskje å endre tenkjemåten til alle som kvar dag tek val som avgjer graden av tilgjengelegheit. Universell utforming handlar om meir enn det å kunne ta seg fram. Det gjeld også retten til å kunne forstå og få tilgang til informasjon, inkludert læremateriell og hjelpemidlar, og få likeverdig tilgang til kunnskap og utdanning, seier Ekehaug.

Alle nye nettsider vil få krav som skal gjere informasjon tilgjengeleg for flest mogeleg. Døme på dette mulegheiter for tekstopplesing, endring av skrifstorleik og kontrastar.

Viktig for å vere konkurransedyktig i framtida

Forsking viser og at eldre i framtida vil ha heilt andre krav og preferansar enn i dag. Dei vil gjerne bu sentralt og vere del av eit pulserande liv. Det vil kunne ligge god økonomi i at bygg og bustadar vert bygd med god tilgjenge og universell utforming. Dess betre og meir funksjonell kvalitet, dess høgare verdi både i marknad og bruk.

– Om ein ser det frå eit samfunns- og næringsperspektiv, vil det i framtida verte ei stor kundegruppe som ventar seg eit meir tilgjengeleg samfunn – anten det gjeld handel- eller turistnæring, kollektivtransport eller lærestadar, slår Ekehaug fast.

Plikt i universell utforming nedfelt i lov

Arbeidet med å gjere Sogn og Fjordane meir inkluderande, trygt og tilgjengeleg, er forankra i Fylkesplan 2005-2008 (forlenga), Fylkesdelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse 2010–2013 og Handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald –for planperioden 2009–2012.

Universell utforming er nedfelt i plan- og bygningslova sin formålsparagraf. Her heiter det at prinsippet om universell utforming skal ligge til grunn for planlegging og for krava til det enkelte byggetiltak. Andre aktuelle lover er tilgjengelegheit- og diskrimineringslova, lov om offentlege innkjøp og universitets- og høgskulelova. Plikta til universell utforming gjeld både offentlege og private verksemder retta mot ålmenta. Brot på plikta kan medføre rettslege konsekvensar.

Kompetansesamlingar og kurs

Tysdag 24. april arrangerte fylkeskommunen kompetansesamling på Skei om universell utforming i kollektivtransporten. 25. og 26. april held Nettverksgruppa for byggesak og arealforvaltning kurs om universell utforming i Førde.

Eit trygt og tilgjengeleg fylke er eit gjennomgåande element i kompetanseprogrammet for Trygge lokalsamfunn som fylkeskommunen er ansvarleg for. Kommunane Flora, Førde, Gloppen, Eid, Høyanger, Balestrand, Årdal og Luster deltek i dette. Her er prinsippa for universell utforming vektlagt i skadeførebyggande perspektiv.

For meir informasjon

Heidi Ekehaug
rådgjevar, plan- og samfunnsavdelinga
telefon: 456 61 994
e-post: heidi.karin.ekehaug@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette