Fylkeskommunane må med i kommunereforma

Eit einstemming kollegium av fylkesordførarar og fylkesrådsleiarar er bekymra over at arbeidet med kommunereform manglar eit engasjement for korleis dei regionale oppgåvene skal løysast til innbyggjaranes beste.

– Det er ikkje nok å vurdere kva oppgåver som kan overførast til større kommunar. Vi veit at det er ein del oppgåver, for eksempel kollektivtransport og vidaregåande utdanning, som uansett blir for store for dei aller fleste kommunane. Om vi ikkje ser lokalt og regionalt folkevalt nivå i samanheng, er det stor risiko for at slike oppgåver blir overført til staten. Då får vi det motsette av ei demokratiform, seier Janne Johnsen, fylkesordførar i Rogaland og nestleiar i fylkesordførar-/fylkesrådleiarkollegiet.

Fylkesordførarar i leiarrollen

Stortinget har slått fast at eit regionalt nivå skal behaldast. Difor ynskjer kollegiet at fylkesordførarar og fylkesrådsleiarar skal ta ein leiarrolle i arbeidet med regionreform.

– Kollegiet ser det som ein føresetnad at fylkeskommunane blir trekt aktivt med i det vidare arbeidet med å vurdere kva oppgåver som skal ligge til det regionale folkevalde nivå. Fylkeskommunane må også vere representert i arbeidet med kommunereform som fylkesmennene no leiar, seier Johnsen.

– På høg tid

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes, er glad for at kollegiet er samstemte på at dei ynskjer å ta ei aktiv leiarrolle.

– Det er på høg tid at vi ser kommunereforma i heilskap. Eg håper dette vil føre til at det blir meir fokus på oppgåvene som dei ulike nivå skal ivareta.

– Vi må tenkje på verdien

Kjelsnes meiner òg at ein må vere meir merksam på at det kan komme ein diskusjon om Norge framleis skal ha generalistkommunar, kommunar med like oppgåver uansett storleik.

– Vi må tenkje på verdien av generalistkommunane. Vi er eit lite fylke, og om vi skal gå bort ifrå denne ordninga kan Sogn og Fjordane kunne tape på det.

Kontaktperson:

Åshild Kjelsnes
Fylkesordførar, Sogn og Fjordane
E-post: Ashild.Johanne.Hoivik.Kjelsnes@sfj.no
Tlf: 576 56 117/ 918 88 568

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut