Fylkeskommunalt eigarskap i Fjord1

Fylkestinget har følgd fylkesutvalet si tilråding til vedtak i sak 5/10 om fylkeskommunen sin eigarskap i Fjord 1 Nordvestlandske AS.

Dette er vedtaket:

1. Fylkestinget ber om at fylkesrådmannen greier ut/vurderer fylgjande alternativ innan Møre og Romsdal fylkeskommune eventuelt gjer sitt vedtak om sal av aksjar i Fjord1 Nordvestlandske AS:

• Møre og Romsdal fylkeskommune sel aksjeposten, og det kjem inn ny eigar.
• Møre og Romsdal fylkeskommune sel aksjeposten, Sogn og Fjordane fylkeskommune kjøper ved å nytte forkjøpsrett.

2. Fylkestinget ber om å få saka attende når Møre og Romsdal fylkeskommune har teke avgjerd i saka.

Meir om saka kan du lese på linken under:

0005/10 - Fylkeskommunen sin eigarskap i Fjord1 Nordvestlandske AS

Del dette:

Relaterte lenker