Fylkeskommunal støtte til omstilling i Askvoll, Hyllestad og Lærdal

Hovudutval for plan og næring har no løyvd midlar til Askvoll, Hyllestad og Lærdal, omstillingskommunane i fylket. Kommunane får til saman 8,2 mill. kr i omstillingsstøtte frå fylkeskommunen i 2015.

Utfordringane er fortsatt til stades

Mykje godt arbeid har vore gjennomført i Askvoll dei fire siste åra, med gode resultat både når det gjeld tal tilflyttarar og nye arbeidsplassar. Men kommunen har fortsatt dei same utfordringane som andre kommunar med omstillingsstatus, knytt til stabilt folketal og arbeidsplassar. Askvoll får dermed forlenga omstillingsstatus for 2015 og 2016 og 2,2 mill. kr i omstillingsmidlar til gjennomføring av handlingsplanen for 2015.

Sterk auke i nyetableringar

Hyllestad si store utfordring er at Havyard Leirvik AS står for hovuddelen av den private sysselsetjinga. Kommunen hadde derfor i 2014 eit mål om ti nyregistrerte bedrifter. I løpet av 2014 er det registrert heile 20 nyetableringar i Hyllestad og fleire nye arbeidsplassar. Til gjennomføring av handlingsplanen for 2015 får Hyllestad 3 mill. kr i støtte frå fylkeskommunen.

Arbeidsplassvekst innan rekkevidde

Lærdal kommune har over ein periode den siste tida mista fleire attraktive arbeidsplassar, men målet om arbeidsplassvekst er innan rekkevidde. For 2015 får Lærdal 3 mill. kr i omstillingsmidlar.

Kontaktperson

Audhild Botnen Schaathun
audhild.schaathun@sfj.no
905 08 990

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00