Fylkesjubileet vart ei flott markering av positive og kreative krefter i fylket

– Fylkesjubileet viste verkeleg kva Sogn og Fjordane har å by på. Vi nådde målet vårt om å synleggjere eit fylke som byggjer opp om kreativitet og nyskaping, og vi fekk til markeringar over heile fylket. Eg vil takke alle som medverka til ei så solid og vellukka feiring, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Fylkesjubileet var ein fylkesdugnad på tvers av etats- og nivågrenser. Fylkeskommunen, Fylkesmannen, kommunane, kyrkja og friviljuge drog eit stort lass saman.

Til saman 180 arrangement

Fylkesjubileet opna offisielt under fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Operahuset på Eid i februar i fjor. Deretter gjekk det slag i slag heile året gjennom. Det var Åtgaum i Oslo, framtidskonferanse i Balestrand, KORK-konsertar på Eid, skrivekonkurranse for ungdom og mykje, mykje meir. Hovudmarkeringa av jubileet fann stad på Leikanger 19. september, nøyaktig 250 år etter at Sogn og Fjordane vart eit eige fylke.

Til saman stod fylkesjubileet som arrangør eller medarrangør for om lag 120 arrangement. I tillegg vart om lag 60 andre arrangement knytte opp til jubileet på anna vis. Det var jubileumsarrangement i alle kommunane i fylket, og i om lag halvparten av desse var kommunane arrangør eller medarrangør.

Summerer opp året i rapport

– Eit breitt spekter av næringar, lag og organisasjonar har bidrege med aktivitetar innan jubileumsramma. I tillegg var ungdom ei viktig målgruppe for jubileet, og ungdom spelte ei hovudrolle gjennom heile året. Vi hadde blant anna gründercamp og ulike konkurransar og produksjonar, der ungdom stod i sentrum, seier fylkesordføraren.

Satsinga på ungdom heng saman med ein av visjonane for jubileet, nemleg å byggje ein sterkare identitet knytt til det å vekse opp og bu i Sogn og Fjordane. Den historiske delen av jubileet tok Høgskulen seg av, med arbeidet med fylkessoga, historieseminar, føredrag og artiklar.

Hovudkomiteen for fylkesjubileet summerte opp jubileet på møtet sitt i januar 2014. Rapporten vert no lagt fram for fylkesutvalet og hovudutvalet for kultur til orientering.

Rapport: Fylkesjubileet – Sogn og Fjordane 250 år

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
tlf.: 918 88 568
e-post: ashild.kjelsnes@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut