Foto frå opninga av det restaurerte, gamle amtskontoret på Leikanger under fylkesjubileet i 2013.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Frivilligpolitikk i kommunane

Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å hjelpe kommunane i arbeidet med å utvikle heilskapleg politikk for frivilligheita. Her finn du ressursar som kan nyttast til å løfte arbeidet med lokal frivilligpolitikk.

Kvifor frivilligpolitikk?

Frivillig sektor er stor i Noreg. Frivilligheitsbarometeret frå 2018 viser at to av tre nordmenn har gjort dugnad siste året. På landsbasis utgjer dette rundt 150 000 årsverk. Samtidig svarar halvparten av dei som ikkje er frivillige at dei kunne tenke seg å gjere frivillig arbeid for ein aktivitet eller ei sak dei er opptatt av (Kantar TNS / Frivillighet Norge).

Likevel har få kommunar vedtatt ein eigen politikk for frivilligheita. Om kommunane legg til rette for ein heilskapleg frivilligheitspolitikk vil dette gje ein aktiv og veksande frivillig sektor.

Kva er frivilligpolitikk?

Frivillighet Norge, eit samarbeidsforum for frivillige organisasjonar i Noreg, definerer lokal frivilligpolitikk slik: «at kommunen tar ansvar og legger til rette for at frivilligheten skal få gode vilkår. Ved å kartlegge og gå i dialog med den lokale frivilligheten vil man få et lokalsamfunn med høyere aktivitet, trygghet og bærekraft. En slik politikk vil føre til flere vinn- vinn situasjoner for både kommunen og frivilligheten.»

Frivillighet Norge har tatt initiativet til å løfte arbeidet med kommunal frivilligheitspolitikk, og har følgt om lag 60 kommunar i arbeidet med å utvikle og vedta ein frivilligplattform. Les meir om dette på nettsida til Frivillighet Norge.

Frivilligpolitikk i Sogn og Fjordane

Regional plan for kultur 2019-2027 slår fast at det er behov for at «kommunane utformar ein politikk for frivilligheita der dei avklarar roller og legg til rette for arbeidet i frivillig sektor».

Ei av satsingane i handlingsprogrammet til kulturplanen 2019-2022 er å «styrkje frivillig sektor sin plass i kommunal og regional planlegging, m.a. ved å få på plass frivilligplattformer i kommunane og fylkeskommunen».

Berre to kommunar i Sogn og Fjordane har til no vedteke ein strategi eller plattform for frivillig sektor, Eid og Flora.

Ressursar i arbeidet med frivilligpolitikk

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Åge Avedal
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Age.Avedal@sfj.no
970 72 734