Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Frivilligpolitikk i kommunane
Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å hjelpe kommunane i arbeidet med å utvikle heilskapleg politikk for frivilligheita. Her finn du ressursar som kan nyttast til å løfte arbeidet med lokal frivilligpolitikk.
Kvifor frivilligpolitikk?
Frivillig sektor er stor i Noreg. Frivilligheitsbarometeret frå 2018 viser at to av tre nordmenn har gjort dugnad siste året. På landsbasis utgjer dette rundt 150 000 årsverk. Samtidig svarar halvparten av dei som ikkje er frivillige at dei kunne tenke seg å gjere frivillig arbeid for ein aktivitet eller ei sak dei er opptatt av (Kantar TNS / Frivillighet Norge).
Likevel har få kommunar vedtatt ein eigen politikk for frivilligheita. Om kommunane legg til rette for ein heilskapleg frivilligheitspolitikk vil dette gje ein aktiv og veksande frivillig sektor.
Kva er frivilligpolitikk?
Frivillighet Norge, eit samarbeidsforum for frivillige organisasjonar i Noreg, definerer lokal frivilligpolitikk slik: «at kommunen tar ansvar og legger til rette for at frivilligheten skal få gode vilkår. Ved å kartlegge og gå i dialog med den lokale frivilligheten vil man få et lokalsamfunn med høyere aktivitet, trygghet og bærekraft. En slik politikk vil føre til flere vinn- vinn situasjoner for både kommunen og frivilligheten.»
Frivillighet Norge har tatt initiativet til å løfte arbeidet med kommunal frivilligheitspolitikk, og har følgt om lag 60 kommunar i arbeidet med å utvikle og vedta ein frivilligplattform. Les meir om dette på nettsida til Frivillighet Norge.
Frivilligpolitikk i Sogn og Fjordane
Regional plan for kultur 2019-2027 slår fast at det er behov for at «kommunane utformar ein politikk for frivilligheita der dei avklarar roller og legg til rette for arbeidet i frivillig sektor».
Ei av satsingane i handlingsprogrammet til kulturplanen 2019-2022 er å «styrkje frivillig sektor sin plass i kommunal og regional planlegging, m.a. ved å få på plass frivilligplattformer i kommunane og fylkeskommunen».
Berre to kommunar i Sogn og Fjordane har til no vedteke ein strategi eller plattform for frivillig sektor, Eid og Flora.
Ressursar i arbeidet med frivilligpolitikk
- Frivillighet Norge tilbyr hjelp i form av kommunebesøk der ein legg opp til møte med kommune og frivillige organisasjonar. Opplegget er kostnadsfritt.
- Frivillighet Norge tar oppdrag med å kartleggje frivilligheita i ein kommune eller utvikle eit rammeverk for frivilligheitspolitikk tilpassa kommunen. Blir utført som betalt konsulentoppdrag.
- Sogn og Fjordane fylkeskommune vil i samarbeid med Frivillighet Norge invitere kommunane til eit dagsseminar om arbeid med heilskapleg frivilligpolitikk hausten 2019.
- Sogn og Fjordane fylkeskommune kan bistå kommunar som vil gå i gang med arbeidet gjennom rådgjeving og besøk.
- Last ned Eid kommune sin frivilligpolitiske plattform 2018-2021.
- Last ned Færder kommune sin frivillighetsstrategi og handlingsplan.
- Last ned Flekkefjord kommune si frivillighetserklæring 2018-2022.
- Last ned Asker kommune si frivillighetsmelding.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941