Ivar Kvalen, Sveinung Rotevatn, Karen Marie Hjelmeseter, Eva Moberg ved Wittgenstein-huset i Skjolden, folk i bakgrunnen.
Ivar Kvalen, Sveinung Rotevatn, Karen Marie Hjelmeseter, Eva Moberg ved Wittgenstein-huset i Skjolden, folk i bakgrunnen.

Frå venstre: statssekretær Sveinung Rotevatn, Luster-ordførar Ivar Kvalen, leiar i hovudutval for næring og kultur Karen Marie Hjelmeseter og fylkeskonservator Eva Moberg ved huset til Ludwig Wittgenstein i Skjolden. Foto: Arlen Synnøve Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Freding av Wittgenstein-huset i Skjolden

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i dag varsla oppstart av fredingssak for den verdskjende filosofen Ludwig Wittgenstein sitt hus i Skjolden i Luster kommune.

Huset Wittgenstein fekk bygd i Skjolden er no ført tilbake til sin opphavelege plass og utforming. Dette vart høgtideleg markert torsdag 20. juni, med representantar frå regjeringa, Riksantikvaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Luster kommune tilstades.

Samstundes har fylkeskommunen starta arbeid med fredingssak, slik at huset får eit vern som gjer at også framtidige generasjonar kan kome og oppleve Wittgenstein sitt hus og landskapet rundt.

Kva skal fredast og kvifor?

Føremålet med fredinga er å bevare arbeidsplassen Wittgenstein hadde i Skjolden, der han sjølv hadde bestemt plasseringa og utforminga av huset. Vidare vil vi bevare verknaden av kulturminnet i omgjevnadane og landskapet som gav Wittgenstein den nødvendige arbeidsroa.

Fredingssaka følgjer §§ 15 og 19 i Kulturminnelova. Freding etter § 15 vil gjelde huset sitt eksteriør og interiør og stien frå Eidsvatnet opp til huset. Freding etter § 19 gjeld eigedomen 27/307 og eit område ut i Eidsvatnet.

Kva skjer vidare?

Varsel om freding er sendt til alle berørte partar, offentleg mynde samt naboeigedomar. I tillegg vert varsel om oppstart av fredingssak kunngjort i pressa. Frist for å kome med merknadar er 28. august.

Etter dette vil Sogn og Fjordane fylkeskommune utarbeide eit forslag om freding i dialog med eigar. Forslag om freding vil bli sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn hjå fylkeskommunen og Luster kommune. Etter offentleg ettersyn vil saka bli sendt til Luster kommune for handsaming i kommunestyret.

På bakgrunn av innspela i høyringa og handsaming i kommunestyret vil Sogn og Fjordane fylkeskommune utarbeide eit endeleg forslag om freding. Dette vert så handsama politisk i fylkeskommunen, før det vert sendt til Riksantikvaren for vedtak. Riksantikvaren er den som har vedtaksmynde i fredingssaker.

Bakgrunn for saka

Ludwig Wittgenstein var ein av dei aller største 1900-talet sine store filosofar. Han vaks opp i ein rik familie i Wien, og studerte mellom anna i Cambridge under Bertrand Russell. Hausten 1913 kom han til Skjolden for første gong, og vart buande her til sommaren 1914. I Skjolden fann han arbeidsroa han var på leiting etter og medan han var her arbeidde han på det som seinare vart hans første hovudverk, Tractatus Logico-Philosophicus.

Wittgenstein treivst i Skjolden, og medan han budde her, bestemte han seg for å bygge seg sitt eige hus. Han vurderte fleire plasseringar før han bestemte seg for å bygge huset på ei lita hylle over Eidsvatnet. Arbeidet med huset vart starta i 1914. Huset vart ferdigstilt medan han deltok i første verdskrig, og han kom ikkje tilbake til Skjolden før i 1921. Innan då hadde han gitt huset vekk til venen Arne Bolstad.

Wittgenstein var tilbake i Skjolden fleire gonger, og då budde han i huset over Eidsvatnet. Dei lengste opphalda hans var i 1936–37. Då budde han i huset i lengre periodar medan han arbeidde på det som seinare vart hans andre hovudverk, Filosofiske undersøkingar, som vart utgitt etter at han døydde i 1951.

I 1958 vart huset seld for demontering og sett opp på nytt på Bolstadmoen. I Luster har fleire vore opptekne av å få huset tilbake til sin opphavlege plass og utforming. I 2014 vart Stiftinga Wittgenstein i Skjolden oppretta.

Dåverande riksantikvar Jørn Holme besøkte staden i 2015. I etterkant opna han for at ein kunne løyve tilskot frå freda bygg midlar til tilbakeføringa av huset, under føresetnad av at det vart freda.

Arbeidet med å føre tilbake Wittgenstein sitt hus er no avslutta, og Stiftinga Wittgenstein i Skjolden har gjort eit godt arbeid med å få huset tilbake til slik det var då Wittgenstein brukte det.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut